Home
Department of Administration and Organization Theory

Trainee i Rådmannen sin stab i Os kommune

Ragnhild Bjørvik Fugle fullførte mastergrad i Administrasjon og organisasjonsvitenskap i 2017, og har etter endt utdanning vært ansatt som trainee i Os kommune.

Adm.org. er relevant for mange tema og felt, og ein møter på problemstillingar ein ofte har drøfta i studietida.

Kan du fortelle litt om arbeidet ditt? Hva er de konkrete arbeidsoppgavene dine?

Etter endt utdanning har eg vore tilsett i eit engasjement som trainee i Os kommune. Engasjementet varar i tolv månadar, og er del av Bergen Næringsråd sitt program "Trainee Vest", for nyutdanna i Bergens-regionen.Som trainee i Os kommune har eg ein rullerande funksjon i kommuneadministrasjonen. Så langt har eg vore innom Personalavdelinga og avdeling for Kommunikasjon og digitalisering, men eg skal òg innom fleire stadar i løpet av engasjementet. I tillegg tek eg del i programmet til Trainee Vest 1-2 gonger i månaden.

Hva er det beste med jobben din - og det mest utfordrende?

Det beste med jobben er å kunne bruke teorien i praksis. I ein kommune er ein tett på folkesetnaden, og ein blir derfor svært fort kjent med kommunen sine tenester og innbyggjarar. Frå studiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er det mykje kunnskap som kan nyttast i dette arbeidet.

Hvordan får du bruk for utdannelsen din i jobben?

Mastergraden i administrasjon og organisasjonsvitskap har vore svært nyttig så langt i arbeidslivet. Adm.org. er relevant for mange tema og felt, og ein møter på problemstillingar ein ofte har drøfta i studietida. I tillegg har arbeidet med masteroppgåva vore heilt sentralt for å kunne lære seg å handtere store arbeidsmengder, over lengre tid. Dette er ei øving i konsentrasjon og arbeidsfordeling ein ofte får bruk for.

Hva tenker du på som det beste ved studietiden ved UiB?

Det beste med studietida er opplevinga av å lære utruleg mykje relevant og interessant, og merke den bratte læringskurva. UiB har utømmelege kjelder til opplysing og informasjon, og ressursane til å nytte desse. Ikkje minst er dei tilsette på universitetet utruleg hjelpsame og dyktige. Om ein ynskjer å nytte studietida til det yttarste har UiB såleis uendelege moglegheiter for fordjuping i eigne tema eller interessefelt.