Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
INTERNASJONAL PROSEDYREKONKURRANSE:

Jusstudent og interessert i EU-spørsmål?

– Ein moot er ein god sjanse til å byggje nettverk. Vi får helse på mange menneske, og får vist fram cv-en til andre som jobbar innanfor EU-rett, seier UiB-studentane Natasha Greenslade, Erika Derfla og Vera-Ilhem Elfadl-Mohr.

Natasha Greenslade, Erika Derfla, Vera-Ilhem Elfadl-Mohr
Er den store muren som EU-landet Slorania vil reise på grensa mot nabolandet Elbia i strid med EU-retten eller ikkje? Dette spørsmålet har dei tre jusstudentane Natasha Greenslade, Erika Derfla og Vera-Ilhem Elfadl-Mohr grubla på dei siste månadane.
Photo:
Ida Bergstrøm

Main content

Fredag var Natasha Greenslade, Erika Derfla og Vera-Ilhem Elfadl-Mohr i Lauzerne i Sveits for å delta i den internasjonale prosedyrekonkurransen European Law Moot Court (ELMC). Dei er det første norske laget som har kome til den regionale finalen til ELMC.

– Vi lærer svært mykje om Europaretten, seier dei tre studentane.

Møter ein fiktiv EU-domstol

Ein moot court er ein form for rollespel. Deltakarane har på førehand sett seg inn i eit stort sakskompleks. Dei har fått utdelt roller, som advokat for saksøkar eller saksøkte. Nokre skal vere rådgjevarar for dommaren.

På førehand har laget frå UiB sett seg inn i saka dei skal føre for den fiktive EU-domstolen i Lauzerne. Dei har granska kjelder, prøvd ut argumentasjon, førestilt seg spørsmåla dei vil få. Øvd seg på å svare godt.

Sentralt i saka som dei tre studentane har arbeidd med, står muren som EU-landet Slorania vil bygge mot nabolandet Elbia, eit fattig land som ikkje er med i EU. Formålet er å kontrollere den illegale innvandringa frå Elbia til Slorania. Spørsmåla UiB-studentane må ta stilling til, er mange. Kven skal drive grensekontroll i den demilitariserte sona rundt muren? Følgde Slorania EU sine anbodsreglar då dei ga kontrakten til eit privat selskap i Slorania? Eller kan ein bruke unntaka frå reglane som finst, ved å vise til omsynet til den nasjonale tryggleiken?

Deltakarane får verkeleg bryne seg på aktuelle rettsspørsmål innan EU/EØS-retten, seier professor Christian Franklin.

Han er coach for laget frå UiB, og har sjølv vore deltakar i internasjonale prosedyrekonkurransar.

– Å bli med i ein moot er noko av det kjekkaste du kan gjere i løpet av studietida, seier han.

Nettverk og prosedyreerfaring

– Ein moot er ein god sjanse til å byggje nettverk. Vi får helse på mange menneske, og får vist fram cv-en til andre som jobbar innanfor EU-rett, seier Erika Derfla.

Samtidig får deltakarane også viktig erfaring med prosedyre.

– Å ta del ein av dei store, internasjonale prosedyrekonkurransane som ELMC gir deg ei unik oppleving, som du har med deg vidare i livet og i karrieren som jurist. Du lærer mykje om lagarbeid, møter utrulig mange flotte folk; coachar, dommarar og andre deltakarar, seier Franklin.

- Eit enormt læringsutbytte

Prosedyrekonkurransar passar for alle som har ambisjonar om å praktisere juss etter studiane. Franklin meiner det kan vere ein fordel å ha fullført kurset i Norske og internasjonale rettslege institusjonar (NIRI).
– Som deltakar i ein moot blir du testa og får konstruktive tilbakemeldingar av nokre av dei fremste ekspertane på feltet. Og du kan få gode idear til mastergrader eller PhD-avhandlingar.

Studentar som blir med i ein internasjonal prosedyrekonkurranse, slik som Derfla, Greenslade og Elfadl-Mohr, får også høve til å utvikle språkkunnskapane.

– Læringsutbyttet til studentane er enormt. Eg har gleda av å sjå studentane blomstre og vekse gjennom prosessen. Det er inspirerande, seier Franklin.