Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheter

Fem millionar til styrka samarbeid

Universitetet i Bergen har fått fem millionar kroner frå regjeringa, til styrking av kvalitet og samarbeid etter opprettinga av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD).

Fakultet for kunst, musikk og design
Snøhetta står bak KMD-bygget, som samlar kunst og designutdanningane i Bergen under samme tak.
Photo:
Hufton+Crow

Main content

– Eg er glad for denne ekstra tildelinga til UiB, knytta til opprettinga av KMD. Det er gledeleg og verd å merke seg at Kunnskapsdepartementet er så tydeleg i sine ambisjonar for vårt nye fakultet, seier dekan ved KMD, Frode Thorsen.

Styrka samarbeid

Frå 1. januar 2017, vart Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og Griegakademiet slått saman til eit nytt Fakultet for kunst, musikk og design, ved Universitetet i Bergen. Dei fem millionane som no er tildelt frå regjeringa i revidert statsbudsjett, går til å styrke samarbeidet etter samanslåinga.

– Sammenslåinga av KHiB med Griegakademiet – Institutt for musikk har gitt oss eit nyskapande fakultet for kunst, musikk og design, med eit unikt læringsmiljø for våre studentar. Vi er svært glade for å få midlar til å jobbe vidare med å hente ut potensialet i samanslåinga ytterlegare, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Førebels er det ikkje avklara kva midlane skal nyttast til.

– Sidan tildelinga ikkje var venta på førehand vil det ta litt tid å avklare korleis vi på best mogleg måte kan få maksimal effekt. Det kjem vi tilbake til, seier dekan Frode Thorsen.

Ressurskrevjande

– Fusjonar gir mange moglegheiter, men er ressurskrevjande å gjennomføre. Difor bidreg regjeringa med ekstra pengar både til Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, skriv forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, i ei pressemelding.

Regjeringa har i fleire rundar bidrege med pengar som går til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing (SAKS) for å styrke kvalitetsutviklinga i universitets- og høgskulesektoren.

Strukturreformen førte til at Noreg gjekk frå 33 statlege universitet og høgskular til 21. Det er ei omfattande reform som har gitt færre, men sterkare institusjonar, skriv regjeringa i pressemeldinga.

– Vi har høge ambisjonar for HVL og UiB. Større og meir robuste fagmiljø styrker institusjonane. Det gjer oss også meir attraktive for internasjonale studentar og forskarar, seier Nybø.