Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Forelesarprisen 2018:

– Mindre dosering, meir dialog

Kan du undervise på ein slik måte at studentane gler seg til den neste 08-forelesinga i Kontraktsrett? Førsteamanuensis Jan-Ove Færstad har klart nettopp dette. Fredag får han studentane sin eigen Forelesarpris.

Jan-Ove Færstad
Studentane sin eigen forelesarpris går i 2018 til førsteamanuensis Jan-Ove Færstad. – Studentane fortener at undervisning blir vurdert som like verdifullt som forsking, seier Færstad.
Photo:
Ida Bergstrøm

Main content

Prisen får Færstad tildelt frå Juridisk studentutval (JSU). Prisen vart overrekt under Kandidatarrangementet.

–Å få Forelesarprisen betyr at eg har lukkast i å tenke nytt om forelesingar og om forelesarrolla. Difor er både kjekt og inspirerande å få denne prisen, seier Færstad.

Frå djupdykk til oversikt

Jan-Ove Færstad er ansvarlig for kurset Kontraktsrett 1. Her underviser han saman med kollega Johan Giertsen. Saman har dei gått vekk frå den tradisjonelle forelesingsforma, der forelesaren doserer og studentane noterer. Eller «vegg-til-vegg-undervisning», som han sjølv kallar det.

– Vi har valt dialog framfor forelesing. Dels ved at Giertsen og eg har ein dialog om juridiske emne. Dels ved å bruke ein Kahoot med praktikum som vi kan diskutere med studentane etterpå. Ved å få studentane i tale har vi nærma oss vesentlege spørsmål på ein måte som gjer at studentane forstår det betre, og lettare ser nyansane, seier Færstad.

Under Færstads forelesingar har studentane blitt med på drøfting av enkeltspørsmål som blir svara på med juridiske resonnement. Denne undervisninga er supplert med korte bolkar med presentasjonar og lengre oversiktsforelesingar.

– Eg har trua på kombinasjonen av djupdykk og struktur, seier Færstad.

Han er opptatt av å møte studentane sine gjennom dialog. Då blir dei meir opne for læring. At studentane bruker tastaturet mindre når han foreleser, kan tyde på at dei bruker hovudet desto meir, meiner han.

Vil levere forskingsbasert undervisning

Nokre forelesarar leverer undervisning slik den var då dei sjølve studerte. Færstad sorterer ikkje under desse. 

– Eg brukar mykje tid på å bu meg til undervisninga. Eg les forsking om pedagogikk og held meg oppdatert på kva som skjer der. Undervisninga eg gir skal henge saman, og vere fundert på  juridisk og pedagogisk forsking. Dette er ein del av jobben eg likar svært godt, seier han.

– Går arbeidet du legg ned i undervisninga ut over forskinga di?

Eg er nok ikkje like produktiv som andre, men eg meiner at undervisning er ein like viktig del av jobben som forsking. Og dette er viktig å hugse på: Vi er ikkje forskarar som nokre gonger blir tvungne til å undervise. Det er trist at ein på eit universitet i hovudsak blir målt på vitskapleg publisering. Studentane fortener at undervisning blir vurdert som like verdifullt som forsking, seier Færstad.

– Tek studentane på alvor

Sausan Hussein er leiar for Juridisk Studentutval (JSU). Ho er glad for å kunne gje studentane sin eigen pris til Færstad.

– Færstad fekk flest stemmer, og vi trur difor grunngjevinga vår om å gje han årets forelesarpris har brei støtte blant studentane på fakultetet, seier ho.

Hussein og JSU opplever Færstad som imøtekomande og studentvenleg. Ho vil også trekke fram innsatsen Færstad har lagt ned som kursansvarleg for Kontraktsrett I.

– Engasjementet og viljen til å gjere ein ekstra innsats for læringsmiljøet gjer Færstad svært populær blant studentane. I tillegg vil mange av studentane framheve at han er god til å formidle faget på ein oversiktleg og forståeleg måte som tek omsyn til nivået studentane måtte vere på.

 

Tilknyttet innhold