Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Ho skal leie NORCE

Å være fleire, spredte forskningsmiljø er ikkje ein svakhet men vår styrke, seier den ferske leiaren av forskningsselskapet NORCE, Elisabeth Maråk Støle. Ho har klare internasjonale ambisjonar, men meiner nøkkelen til suksess ligg i den nære kontakten forskarane har med lokale partnarar kysten rundt.

Elisabeth Maråk Støle
Photo:
Olaf Erlend Gundersen

- Det er så inspirerande å høyre våre folk fortelle om korleis dei engasjerer frivillige og så tydelig viser at forskninga er samfunnsrelevant, seier Støle tydelig engasjert når vi møter henne ombord på Statsraad Lehmkuhl under Arendalsuka. Ho har nettopp delteke på eit arrangement der forskar Marte Haave fortalde om korleis frivillige sin innsats er med å gje forskarane verdifulle data om plastureining i havet. Forskaren frå Uni Research er ei av dei som no blir innlemma i NORCE og dermed av dei nær tusen tilsette i selskapet Støle skal leie.

Brubyggaren

Støle (50) har jobba med leiing sidan ho var 25. Ho kjem no frå stillinga som administrerande direktør i Møreforskning AS.  Ho er utdanna økonom, har brei yrkeserfaring frå industri, næringsliv og forskning og er godt kjend med universitets- og høgskolesektoren og å knytte band mellom forsking og næringsliv. Ho har lang leiarerfaring og ei rekke styreverv i private og statleg eigde selskap.

Ho starta som administrerande direktør i forskningsselskapet NORCE i mars, eit halvt års tid etter at selskapet vart presentert. Selskapet er sett saman av fleire av dei fremste forskingsmiljøa på Sør- og Vestlandet, med Universitetet i Bergen som hovudeigar. (sjå faktaboks)

NORCE skal ha hovudkontor i Bergen, men det vert nok mykje reising for Støle for å besøke dei ulike forskingsmiljøa. Det er ho forsåvidt van med. Ho har mange år både i Oslo og utanlands, men ålesundstonefallet skin gjennom hos Støle. På eit vis er det med på å understreke kor viktig kysten og distrikta er for henne.

- Mange spør kva som er den nye olja. Jo, det er folka og verksemdene langs kysten vår. Det at NORCE er lokalisert i Grimstad, Kristiansand, Stavanger, Haugesund, Bergen og Oslo, det er ein utruleg mogelegheit!

- Korleis det? 

- Jo, fordi det er her vi finn dei spennande og innovative bedriftene som vi skal samarbeide med. Det er her vi finn dei offansive kommunane og ressursane. Den nye olja er ikkje berre data og digitale løysningar, men sjømat, algar, vind, ny energi. Det er ein fordel for oss å vere tilstades ute i distrikta og kjenne kor skoen trykker. NORCE skal bidra til at Sør- og Vestlandet sine mange produktive og teknologisk leiande verksemder held fram med å leie an i omstillingane av norsk industri og næringsliv også i åra framover. NORCE skal vere ei bru mellom næringsliv, kommunar og universiteta.

Konkurrerer internasjonalt

NORCE vart etablert etter initiativ fra Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder. Ambisjonen er å skape et kraftsentrum, som blir leiande på forskning, innovasjon og verdiskapning. NORCE har definert seks satsingsområde: Energi, helse, miljø, klima, samfunn og teknologi.

Innan desse felta er ambisjonen å konkurrere på den internasjonale arenaen. 

- Vi forskar på alt frå havbotn til romfart, med partnarar og kundar frå små grundarar til Equinor til NASA. Vi har jobba med internasjonale klimaspørsmål i 80 år, og vi skal fortsette med det og videreutvikle det som NORCE. Med samanslåinga ønsker eigarane å bygge ei eining med betydelig slagkraft. Oppdragsforskninga skjer i aukande grad i ein internasjonalt marknad, og då er det ein fordel å være ein stor aktør, seier Støle og legg til.

- Å få forskningsmidlar er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verktøy for å sørge for at alle partane vi jobbar med er i front på forskninga.

- Kven ser du på som den bitraste konkurrenten til Norce?

- Her er Arendalsuka et godt eksempel, her møtes omtrent alle forskningsmiljøa i Norge. Vi konkurrerer til daglig knallhardt om sentertildelingar og oppdrag, men vi er alle einige om at kampen ikkje står mellom småmiljø i norge, men kampen står for at Norge skal være med å løyse dei globale utfordringane som mellom anna FN har satt opp. Til dømes plastforsøpling, temperaturauke i havet, at ressursane forflyttar seg, vi treng å vite meir om fisk og det marine, vi treng meir observasjonar i rommet og vi treng omstilling i næringsliv og offentleg sektor. Den bitraste konkurrenten er våre eigne klimautslipp og våre eigne haldningar til klima.

- Så det er ikkje Sintef altså..?

- Eg vil seie at Sintef er ein profesjonell og tøff konkurrent, og også ein god samarbeidspartnar. Norge er eit lite land og på mange måtar utfyller forskingsmiljøa i Norge kvarandre. 

Omstilling

Støle seier at mange brikker skal på plass denne hausten. Dei nye direktørane i selskapet er på plass og i løpet av dei neste månadane vil neste nivå av leiarar og tilsette komme på plass i sine nye avdelingar. 

- Med 1500 forskingsprosjekt i gang er det full drift, men no blir det viktig også å finne ut korleis vi skal bruke dei støttefunksjonane vi har på ein best mulig måte. Vi må også sjå på korleis vi kan jobbe meir effektivt. Vi skal ha eit profesjonelt miljø innenfor støtte, kommunikasjon, støtte til søknader og formidling, mellom anna for å møte internasjonal konkurranse best mulig, seier Støle. Det er for tidlig å seie kor mange tilsette det skal vere i NORCE, men ho peiker på at dei er i ei omorganiseringsfase og det trengs mykje god støtte.  

- Vi skal fusjonere desse fem og i tillegg har vi ein intensjon om at Norut blir ein del av NORCE. Då er det viktig at vi no konsoliderer dette og får ein god og stødig kurs for oss som no er om bord. 

Alle skal vi bli NORCE

Kledd i blå t-skjorter med NORCE-logo er det lett å kjenne igjen representantar frå Norce i folkevrimmelen i Arendal, mellom anna på standen til UiB der mellom andre NORCE-forskarar viser fram det dei driv med. Det speglar den prosessen som no pågår. Forskarane kjem frå fem til dels svært ulike forskningsinstitutt og miljø, men skal no alle vere NORCE. 

- Vi kan ha så fancy logo som berre det, og den er veldig fin, men det hjelper lite i seg sjølv. Vi må møtast og bli kjent, seier Støle. Hennar ønske er at forskarane skal oppdage miljøa andre stadar. 

- Vi må møtes på tvers av byar, søke saman og vere kreative. Det er då vi finn ut kven vi er og korleis NORCE skal vi være. Det er viktig for meg at folk skal føle seg som NORCE. Vi skal alle kjenne eigarskap og heie på kvarandre!