Fire viktige punkt i FNs 1,5-gradersrapport
– Det billegaste CO2-molekylet er det du ikkje slepp ut, seier Bjerknessenter-direktør Tore Furevik.

Main content
Måndag morgon 8. oktober lanserte FNs klimapanel, IPCC, den såkalla 1,5-gradersrapporten – som tek for seg forsking på kva som må til for å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader i forhold til før-industriell tid, og kva følgjer ei slik oppvarming vil ha samanlikna med ei oppvarming på 2 gradar.
Hovudfunna er kanskje ikkje så overraskande, men rapporten viser at det er viktige skilnader på 1,5 og 2 gradars oppvarming, og at det hastar meir enn nokosinne å få ned utsleppa av klimagassar.
– For første gong ser vi korleis ulike klimatiltak vil verke inn på dei ulike bærekraftsmåla. Dette gjeld både klimatilpassing og utsleppsreduksjon, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, og viser til dei 17 måla som vart vedteke i 2015, etter førre store IPCC-rapport.
Fire hovudpunkt
Rapporten samanstiller mykje ny forsking, og sjølv om det meste allereie er kjend, er det veldig bra at vi no får samla all denne kunnskapen og satt han på dagsorden. Tore Furevik meiner dette er dei viktigaste punkta i rapporten:
1. Vi har litt meir tid enn vi trudde, men veldig raske kutt i utslepp av klimagassar er påkrevd
Vi har mellom 550 og 750 mrd. tonn karbondioksid (150-200 mrd. tonn karbon) att av karbonbudsjettet før vi overstig 1,5 grader oppvarming. Med dagens utslepp svarar det til 15-20 år, noko meir enn det som var oppgitt i den femte hovudrapport til FN sitt klimapanel som kom i 2013. Men utsleppa må likevel raskt gå mot null innan 2050. Klarer vi ikkje det fort nok, må vi stole på at vi eller våre etterkommarar klarer å fjerne store mengder CO2 frå atmosfæren.
– Slike teknologiar finst, men det er vanskeleg å sjå korleis dette skal vere mogleg å gjere i stor nok skala – med en effektivitet og med en kostnad som er realistisk. Dette understreker det enorme behovet for ein rask overgang til fornybarsamfunnet, seier Furevik.
– Det billegaste CO2-molekylet vil vere det du ikkje slepp ut.
2. Bærekraftsmåla har fått ryggrad
Sjølv om alle land skulle oppfylle lovnadane inn mot Parisavtalen, er ikkje dette nok til å halde oppvarminga under 1.5°C – heller ikkje 2°C. Utsleppskutt i tillegg til det som allereie er lovd, fører til mindre «overstiging» av 1,5 grader og mindre behov for framtidig fjerning av CO2 frå atmosfæren for å få temperaturane ned att.
– Tilpassing som kan redusere lands sårbarheit er veldig bra og ut frå eit bærekraftperspektiv, særleg når det gjeld å redusere fattigdom. Andre tiltak for klimatilpassing og utsleppsreduksjon kan ha både positive og negative konsekvensar for dei ulike bærekraftmåla, så det er viktig med tilpassa og målretta handlingar, seier Furevik.
3. Utviklinga går hardast utover dei allereie sårbare
Alle dei negative effektane og risikoane som er forbunde med klimaendringane vert verre med 1,5 graders oppvarming enn det dei er i dag, men likevel ikkje så ille som for 2 graders oppvarming. Det er sterk auke i ekstremvarme i alle folkesette deler av verda, auke i ekstremnedbør i dei fleste områda og auke i ekstremtørke nokre område. Dei fattige og sårbare vert mest påverka, til dømes vil dobbelt så mange mangle vatn ved 2 grader enn ved 1,5 graders oppvarming, og mange lågtliggjande øystatar vil forsvinne under vatn.
– Å avgrense oppvarminga til 1,5 grader i staden for 2 grader har stor betyding for både dei landbaserte og dei marine økosystem, og for den nytte vi har av dei. Går temperaturen over 1,5 grader, er det større sjansar for endringar som ikkje kan la seg reversere, og totalkollaps. Med 1,5 grader i staden for 2 grader vert det mindre reduksjon i globale avlingane og næringsinnhald, og betydeleg mindre risiko for matmangel i verda, seier Furevik.
4. 1,5 grader i 2040, med mindre…
Menneskeskapt global oppvarming nådde 1 grad over førindustrielt nivå i 2017, og aukar for tida med 0,2 gradar per tiår.
– Med dagens utslepp av klimagassar vil temperaturauken fortsette, og kloden passerer 1,5 graders oppvarming rundt 2040, seier Furevik.
Rapporten visar at vi med dagens utslipp med 90 prosents sikkerheit vil passere to graders oppvarming i løpet av dette århundret.