Home
Department of Special Collections Resources

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Terminologi

Termportalen

Velkommen til Termportalen ved Språksamlingane – ein nasjonal portal for terminologi! Termportalen er ein fritt tilgjengeleg ressurs til norsk terminologi innanfor ei lang rekkje fagområde, der det er mogleg å søkja på tvers av termbasar og fag.

I Noreg har det i lang tid vore etterlyst eit initiativ for å etablera ein nasjonal termportal. Dette arbeidet er no i gang i regi av CLARINO, eit nasjonalt prosjekt for forskingsinfrastruktur finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR). I Termportalen ved Språksamlingane utviklar vi no ein infrastruktur for terminologi der flest mogleg av allereie etablerte terminologiske ressursar blir integrerte via éi felles søkerute. Du kan søkja etter norsk terminologi på tvers av ei rekkje termbasar og fagområde samstundes.

Du kan søkja i alle ressursane på ein gong, etter term eller i fritekst.
Gå til Termportalens søkeside

Termportalen gjev brukarar fritt tilgjenge til norsk terminologi innanfor ei rekkje fagområde, og målet er å samla flest mogleg fritt tilgjengelege ressursar i denne portalen. Ein god del av ressursane inneheld terminologi på både norsk og engelsk, medan enkelte ressursar òg dekkjer andre språk. For eit oversyn over kva for termbasar og fagområde som er med i Termportalen, sjå lenkja Termbasar til høgre.

Termportalen er nyleg overført frå NHH til UIB og under nyutvikling, og i ferd med å fyllast med meir innhald. Termportalen er resultatet av eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norges Handelshøgskole og Universitetet i Oslo. Gjennom Termportalen tar vi vår del av det nasjonale ansvaret for å utvikla og vareta norsk terminologi som er gjeve til høgare utdanning i Noreg gjennom Universitets- og høyskoleloven. Dette gjer vi gjennom prosjektet CLARINO, eit nasjonalt prosjekt for forskingsinfrastruktur finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR). Prosjektet er òg knytt til det europeiske CLARIN-nettverket.

Tilbake til Språksamlingane