– Er det nokre spørsmål?
Moglegheitene for å pirre nysgjerrigheita var godt til stades for dei besøkande elevane på Open dag 2019.
Main content
– Og, ja: Er det nokre spørsmål?
Variantar av dette vart spurt utallege gongar på Open dag, den 21. januar. På mange av utdanningsinstitutsjonane i Bergen fekk vidaregåande-elevar ta turen til institutt, senter og fakultet dei var interesserte i som framtidige studievegar.
Og det var gode moglegheiter for svar på kva enn dei lurte på.
På UiB stod 65 arrangement i regi UiBs fagmiljøer tilgjengeleg for 2700 påmeldte, hovudsakleg frå vestlandet, men også andre delar av Noreg.
På institutt for biovitenskap fekk prospektive biologane først ein tur innom frø-laben, for ein kikk på forskar Anne Bjunes pollenfylte kvardag. Deretter såg dei på sebrafisk-laben og ei undersøking av ein levande sebrafisklarve i Jon Vidar Helvik og Ståle Ellingsens domene.
Turen vart så avrunda i Havlaboratoriet, der Ida Helene Steen og Mari Heggernes Eilertsen snakka om livet i jordas aller mest ekstreme omgivnader, på botnen av havet ved dei vulkanske kjeldene i Lokeslottet, før elevane gjekk vidare til andre potensielle framtider.
Dette er fjerde gongen Open dag har blitt arrangert, som eit samarbeid i Utdanning i Bergen – mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Handelshøyskolen BI, VID vitenskapelige høgskole, og NLA Høgskolen.