Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SØK NO:

Bli med på seinsommarens lærerike eventyr

Vil du bli betre kjend med den maritime næringa på Vestlandet? Søk om plass på Maritime Bergen Law Summer Programme.

Maritime Bergen Law Summer Programme

Bergen har ei lang og stolt historie som havneby og handelssentrum. Under sommarskulen får studentane ein introduksjon til ei rekkje rettsområde som er relevante for den maritime næringa.
Producer:
André Kvalvågnes

Main content

Frå 4.-17. august arrangerer fakultetet Maritime Bergen Law Summer Programme. Dette er ein to veker lang sommarskule for norske og kinesiske studentar.

- Dette er eit godt høve til å få ein innføring i maritim rett og innsikt i den maritime sektoren i Bergensregionen. Deltakarane vil bli møtt med eit spanande og innhaldsrikt program med førelesingar første del av dagen og bedriftsbesøk og ekskursjonar andre del av dagen, seier professor Bjørnar Borvik, leiar av Norwegian China Law Centre.

Fakultetet lyser no ut inntil 10 plassar for norske studentar på denne sommarskulen.

Det to veker lange programmet er lagt opp med undervisning første del av dagen. Andre del av dagen går med til besøk hos ulike maritime bedrifter og institusjonar i Bergensområdet. Tidlegare har sommarskulen besøkt Sjøfartsdirektoratet, Wikborg|Rein, DNV GL og Bergen og omland hamnevesen.

Nytt for 2019 er at sommarskulen gir 5 studiepoeng for alle som fullfører og består krava.

  • I tillegg til studiepoeng vil sommarskulen gje deg følgjande:
  • Interkulturell erfaring og internasjonalt nettverk
  • Trening i å forstå og nytta juridisk engelsk.
  • Høve til å knyta kontaktar med nærings- og arbeidsliv innan maritim sektor.
  • Ei innføring i maritim rett og i rettsområde som er relevante for maritim sektor.

Slik søker du

Studentar som er interesserte i å delta på Maritime Bergen Law Summer Programme kan sende søknad til fakultetet.

Dei norske studentane som deltek vil ha ei særskild rolle som vertskap og fadrar for dei kinesiske studentane. I søknaden skriv du litt om motivasjonen din for å delta programmet og om kvifor akkurat du vil eigna deg som vertskap for dei kinesiske studentane.

Søknad med vedlegg kan sendast til post@jurfa.uib.no, leverast i infosenteret eller sendast via post til Det juridiske fakultet, UiB, postboks 7806, 5020 Bergen

Søknadsfrist: Tysdag 23. april.