Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
OMBYGGING!

Bøker og tidsskrift på vandring!

Billedsamlinga ved Universitetsbiblioteket skal flytte tilbake til Haakon Sheteligsplass 7 i løpet av hausten 2020. Derfor vert det gjort endringar og ombyggingar i Bibliotek for humaniora.

Mellom 6.01 – 28.02.2020 skal biblioteket flytte bøker frå underetasjen til 5 etasje i boktårnet. Arbeidsplassane i første høgda i boktårnet vil bli fjerna, likeeins nokre av arbeidsplassane i underetasjen. Grupperomma i underetasjen vert stengt. Undervisningsrom 121 er tilgjengeleg for kurs/undervisning, men det vil vere flyttearbeid og støy utanfor. Femte etasje i boktårnet vert stengt, og heisen vert reservert til bruk for flyttinga i perioden.

 

Vi seier oss leie for alle ulemper dette medfører, og kjem tilbake med meir informasjon.