Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Bergen 950 år

Byen, bygningar og bylivet i høgmellomalderen

Korleis var livet til den salige blandinga av adels- og handelsmenn, prestar og munkar, handverkarar og tenestefolk, tiggarar og spedalske i Bergen i høgmellomalderen?

Bergen 1581
Føreleserane Jørn Øyrehagen Sunde og Alf Tore Hommedal tar oss med tilbake til Bergen i høgmellomalderen.
Photo:
UiB

Den som sigla inn i vågen i Bergen i høgmellomalderen, såg straks at dette var ein stor og rik by. På venstre sida av innsiglinga låg byens store katedral og kongens slott. På høgre sida låg erkebiskopens palass der Nykirken står i dag.

Over byen reiste det seg nesten 20 kyrkjespir, og det låg fem kloster innanfor bygrensa. Langs Bryggesiden låg skip på rekke og rad og laste og lossa varer. På Strandsiden låg skip til reperasjon, og ein selde store ting som båtar og kvernsteinar.

I den pulserande byen fann ein ei salig blanding av adels- og handelsmenn, prestar og munkar, handverkarar og tenestefolk, tiggarar og spedalske. Korleis var livet deira i Bergen i høgmellomalderen?

Professor Jørn Øyrehagen Sunde og Alf Tore Hommedal inviterer til ei underhaldande førelesning om Bergens historie i Christie Café på Universitetsmuseet i Bergen.

Arrangementet er gratis.