Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
mellomalderveka

Det kom eit skip til Bjørgvin

Velkommen til debatt om by, smitte og helsevesen i mellomalderen.

Det kom et skip til Bjørgvin - debatt på Litteraturhuset
I mellomalderen vart pesten gjerne forklart som Guds straff for menneska sine synder.
Photo:
Pesten av Theodor Kittelsen

Main content

Svartedauden var katastrofal, og tok livet av meir enn halvparten av befolkninga. Pesten vart gjerne forklart som Guds straff for menneska sine synder. Medan vi i dag beskyttar oss mot koronapandemien med handvask og heimekontor, var «krisetiltak» som vart sett inn i mellomalderens Bergen fleire dagar med botsgang og intens bøn. Spelte byane likevel ei rolle som spydspiss i helsestell med sine hospits og fattighus i kyrkjer og kloster? Eller var det nettopp i byane faren for smitte var størst?

Kan vi sjå parallellar mellom fortidas og dagens krisehandtering? Gjer koronapandemien at vi betre forstår korleis folk opplevde Svartedauden i mellomalderen? Kan vi forstå fortvilinga og frykta dei må ha kjent då sjukdom og død herja i Europa?

Gøril Grov Sørdal frå NRK er debattleiar.

I panelet:

  • Ole Didrik Lærum, professor i patologi og kreftforskar ved Københavns Universitet / Rigshospitalet i København
  • Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis mellomalderarkeologi, Universitetsmuseet i Bergen
  • Ingvil Brügger Budal, professor i nordisk språkvitskap, Høgskulen på Vestlandet
  • Else Mundal, professor emerita, norrøn filologi, Universitetet i Bergen 
  • Geir Atle Ersland, professor i historie, Universitetet i Bergen

Arrangementet er gratis!

Arrangementet på facebook

Her kan du sjå opptak av debatten:

Det kom eit skip til Bjørgvin

Produsent:
Litteraturhuset i Bergen