Home
Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Mastergradsstipend

Utlysing av masterstipend knytt til ordbokprosjekta ved UiB

Hausten 2020 skal ordbokprosjekta ved UiB dele ut to stipend, kvart på 25 000 kroner, til mastergradsstudentar som skriv språkvitskapleg oppgåve med relevans for fagområdet leksikografi.

Bilete av Bibliotek for Humaniora
Photo:
Signe Nilssen

Ved Universitetet i Bergen (UiB) pågår det for tida to store ordbokprosjekt. Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og Språkrådet. Det starta i 2018 og skal gå til 2023, medan prosjektet Norsk Ordbok, revisjon og digitalisering av alfabetbolken a–h (NO-AH) kom i gang i 2019 og skal vare til 2029. Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal primært dokumentere moderne og vanleg språkbruk i skriftspråka bokmål og nynorsk, der Norsk Ordbok både dokumenterer norsk talemål etter 1600 og utviklinga av det nynorske skriftspråket. I tillegg til å fornye Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok i innhald og form, skal Revisjonsprosjektet og NO-AH bidra til å byggje eit fast vitskapleg fagmiljø i leksikografi ved Universitetet i Bergen. I samband med denne fagmiljøbygginga ønskjer vi meir forsking på og med utgangspunkt i dei tre ordbøkene. Stipendtildeling føreset at mastergradsprosjektet er knytt til éi eller fleire av UiB-ordbøkene.

Innan leksikografien kan ein både ha ordbøker som studieobjekt og praktisk arbeide med å lage ordbøker og liknande ressursar. Ordbøker kan ein studere ut frå mange perspektiv, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord/avløysarord/norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbruk, korpuslingvistikk med meir.

Revisjonsprosjektet og NO-AH er interesserte i systematiske undersøkingar av Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok og vurderingar av kva som ville gjort dei betre. Dessutan ønskjer vi meir kunnskap om ordbokbrukarane og kva nytte dei har av ordbøkene, t.d. bruken av ordbøkene i skuleverket, av personar med norsk som andrespråk eller andre grupper. Med utgangspunkt i Bokmålsordboka og Nynorskordboka har vi samla ein del døme på konkrete oppgåvetema på denne sida. For Norsk Ordbok sin del kan det t.d. vere aktuelt med studiar av kjeldetilfanget (heile eller delar av det) og balansen i dette.

Aktuelle UiB-studentar har som regel rettleiar ved nordisk språk eller allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Studentar ved andre norske universitet og høgskular må ordne med rettleiing ved sine heimeinstitusjonar. Det kan vere aktuelt at forskarar ved ordbokprosjekta bidreg som siderettleiarar. Det er ei målsetjing at dei som får tildelt stipend, på ulike måtar får høve til å bli kjende med aktiviteten på ordbokprosjekta.

Søkjarane kan vere på ulike stadium i skriveprosessen: Du kan vere i gang med masteroppgåva eller i ferd med å utforme eit prosjekt. Masteroppgåva bør vere levert i løpet av vårsemesteret 2022.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på maksimum tre sider der du gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt du er komen i arbeidet og kva relevans du meiner prosjektet ditt har for ordbokprosjekta
  • karakterutskrift eller vitnemål frå høgare utdanning
     

Om du ønskjer, kan du sende eit skisseutkast til margunn.rauset@uib.no seinast 15. oktober og få ei kort tilbakemelding på dette.

Revisjonsprosjektet og NO-AH kjem til å prioritere mastergradsprosjekta som vi vurderer har størst relevans for det leksikografiske fagmiljøet. Ordbokprosjekta tek atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi meiner er gode nok eller relevante nok.

Søknadsfristen er 15. november 2020. Send søknaden til margunn.rauset@uib.no.

Halvparten av stipendet blir utbetalt ved signering av avtale og resten etter sensur.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte prosjektleiar Margunn Rauset på
tlf. 55 58 24 63 eller e-post margunn.rauset@uib.no, emneansvarleg for prosjektførebuande på nordisk språk, Thorsteinn G Indridason Torsteinn.Indridason@uib.no, eller fagkoordinator på lingvistikk, Koenraad De Smedt desmedt@uib.no.