Home
Bergen Sleep and Chronobiology Network

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Effekt av ein arbeidsplan utan kort kviletid (<11t) mellom to vakter – ei randomisert kontrollert studie blant helsearbeidarar

Main content

Jamfør arbeidsmiljølova § 10-8 har arbeidstakarar i utgangspunktet rett på 11 timar samanhengande fri mellom to arbeidsperiodar1. For arbeidstakarar som jobbar skift vert det gjort unntak frå dette, og norske undersøkingar har vist at omlag 80 % av sjukepleiarane rapporterer å ha kort kviletid mellom to vakter (<11 timar) i sin arbeidsplan2. Dette førekjem hyppigast mellom ei seinvakt etterfølgt av dagvakt, og vert i den engelske litteraturen omtala som quick returns (QR-vakter). 

Forskinga som er gjort på konsekvensane av quick return-vakter så langt visar ein samanheng mellom quick return-vakter og ei rekkje negative helseutfall3-9, men ein veit framleis ikkje om eksponering for quick return-vakter er årsaka til desse helseutfalla. Denne studien er den første randomiserte kontrollerte studien som undersøker effekten av å fjerne quick return-vakter frå arbeidsplanen. Studien vart gjennomført i eit økologisk forskingsdesign, der helsearbeidarar ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen (n = ca. 4 000) vart randomisert til enten (1) ein turnus utan quick return-vakter eller (2) ein turnus med same mengde quick return-vakter som tidlegare, i ein periode på 6 månadar.

Hovudformålet med studien er å undersøke om helsearbeidarar som fekk ein turnus utan kort kviletid (< 11 timar) mellom to vakter får ei endring i sjukefråvær. Vidare vil studien mellom anna undersøke kva effekt denne endringa har på intensjon om å stå i jobben (turnover intention), arbeidsrelaterte ulykker/hendingar, søvn og helse, tilfredsheit med turnus, generell jobbtilfredsheit og familie-jobb konflikt.  

Universitetet i Bergen, Folkehelseinstituttet, Helse Bergen og representantar frå arbeidstakarorganisasjonane (Norsk Sjukepleiarforbund, Fagforbundet, Delta og Fellesorganisasjonen) har saman utarbeida rammene for undersøkinga. Prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd og Universitetet i Bergen og er godkjent av Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). 

Meir informasjon om prosjektet 

Resultat frå prosjektet

Vedaa Ø, Djupedal ILR, Svensen E, Waage S, Bjorvatn B, Pallesen S, Lie SA, Nielsen M, Harris A. Health-promoting work schedules: protocol for a large-scale cluster randomised controlled trial on the effects of a work schedule without quick returns on sickness absence among healthcare workers. BMJ Open, 2022;12(4):e058309. doi: 10.1136/bmjopen-2021-058309. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/35428642/