Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
COVID-19 | JUSS

Bidrog med norsk koronakunnskap til det danske Folketinget

Professor Eirik Holmøyvik har bidrege med norsk landrapport til det danske Folketinget si utgreiing om koronapandemien.

Eirik Holmøyvik, Universitetet i Bergen.
Professor Eirik Holmøyvik er ekspert på dei statsrettslege sidene ved norske styresmakters handtering av Covid-19.
Photo:
Kim E. Andreassen.

Main content

Då det danske Folketinget bad ein ekspertkommisjon om å greie ut om styresmaktenes handtering av Covid-19, var professor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) ein av dei inviterte.

Føremålet var å trekkje lærdom av krisehandteringa. Som del av dette arbeidet ville ein samanlikne handteringa av Covid-19 i Danmark med Noreg, Sverige og Tyskland.

– Saman med professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jostein Askim, leverte eg den norske utgreiinga, seier Holmøyvik.

Den norske utgreiinga forsøker å gi eit oversyn over Covid-19-pandemiens utvikling i Noreg frå mars til oktober 2020.Den tar for seg alt frå den norske styresmaktenes tiltak mot pandemien til dei  økonomiske og sosiale skadeverknadane til krisehandteringsprosessen. 

Les det norske bidraget her. (Bilag 3)

Bygger på eige arbeid

I arbeidet kunne Holmøyvik særleg trekke vekslar på arbeidet han hadde gjort for den norske Koronakommisjonen, der han hadde greia ut dei statsrettslege sidene ved norske styresmakters handtering av Covid-19.

– Eg hadde også levert ei utgreiing til Stortinget i samband med vedtakinga av koronalova i mars 2020, som var det sentrale rettslege grunnlaget for regjeringas innsats for å redusere dei økonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka.

I tillegg har Holmøyvik nyleg levert eit bidrag til The Oxford Compendium of National Legal Responses to Covid-19, som er ein global database med oversikter over dei ulike landas krisereguleringar og -tiltak, saman med kollegaer frå UiO.

Desentralisert smittevern i Noreg

Den danske rapporten peiker på at det er fleire fellestrekk enn skilnadar mellom krisehandteringa i Danmark og Noreg. I begge landa fekk regjeringa store fullmakter, men samstundes vart også den parlamentariske kontrollen styrka.

– Den største rettslege og administrative skilnaden er at smittevernet i Noreg er langt meir desentralisert, og at kommunane har kompetanse til å gjere inngripande tiltak. 

Velluka norsk strategi

Holmøyvik seier at ein skal vere varsam med å overføre erfaringar mellom land grunna ulikskapar i politisk system, forvaltning, helsevesen og rettsvesen, når det gjeld å lære av kvarandre. Han trekkjer likevel fram tre faktorar  som han meiner har vore vellukka i Noreg, samanlikna med Danmark:

  • Det norske lovverket synest å vere betre førebudd på dei smitteverntiltaka pandemien kravde. I Danmark måtte ein ved utbrotet av pandemien gjere fleire og større endringar i epidemilova under sterkt tidspress og med avvik frå normal lovprosedyre. 
  • Den norske regjeringa makta å halde offentlege høyringar for kriselover og -forskrifter i større grad enn i Danmark. 
  • Den danske rapporten framhevar verdien av at Stortinget henta inn eksterne juridiske vurderingar frå universiteta, Advokatforeininga og Dommarforeininga i samband med regjeringas kriselovgiving. 

Danskane føreslår særskilte rådvingspanel

Den danske rapporten føreslår at det vert oppretta særskilte rådgivingspanel med juridisk, økonomisk og medisinskfagleg kompetanse. 

– I ein krisesituasjon er sterke akademiske fagmiljø ei viktig motvekt mot tunellsyn i sentralforvaltninga, seier Holmøyvik.

Ein ting det er grunn til å merke seg i den danske evalueringa, er framhevinga av verdien av ei pluralistisk fagleg rådgiving og diskusjon om det medisinske grunnlaget for smitteverntiltak, ifølgje Holmøyvik. Her åtvarar ekspertkommisjonen mot sentralisering av medisinskfagleg ekspertise, og viser til Sverige som døme på dette. 

– Det reiser spørsmål om til dømes dei norske universiteta har medisinskfaglege miljø som kan diskutere og korrigere dei faglege vurderingane til Folkehelseinstituttet, sier Eirik Holmøyvik.