Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
COVID-19 | JUSS

Koronakommisjonen høyrde på Holmøyvik

Samtlege av jussprofessor Eirik Holmøyvik sine juridiske konklusjonar om styresmaktene si handtering av Covid-19 er ført opp som kritikk- og læringspunkt i Koronakommisjonen sin rapport.

Eirik Holmøyvik, Universitetet i Bergen.
Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved UiB har utførd ei juridisk utrgreiing som ligg til grunn for Koronakommisjonen sin rapport. Dei har følgt dei viktigaste konklusjonane hans.
Photo:
Kim E. Andreassen.

Main content

Koronakommisjonen sin rapport blei offentleggjort som NOU 2021: 6, den 15. april, 2021. Professor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), har utførd ei juridisk utgreiing, som Koronakommisjonen skriv har vore «et viktig grunnlag for kommisjonens juridiske vurderinger» (kapittel 22).

– Kommisjonen er samd i dei sentrale vurderingane i utgreiinga mi og har ført dei opp som kritikk- og læringspunkt. Utgreiinga er sitert og nemnt fleire gongar og synspunkta er langt på veg brukt og delt av kommisjonen, seier Holmøyvik.

Holmøyvik sin rapport  omhandlar dei statsrettslege sidene ved styresmaktenes handtering av Covid-19 (vedlegg.nr 5).

Problematisk nedstenging

Koronakommisjonen deler i særleg grad vurderinga av grunnlovas krav til regjeringsbehandling av vedtaket om nedstenginga 12. mars 2020.

– Konklusjonen til Koronakommisjonen er klår og nokså opplagt når det gjaldt dei mest inngripande tiltaka ei regjering har innført i fredstid. Jussen bak er likevel vanskeleg, seier Holmøyvik.

Holmøyvik brukar mykje plass i utgreiinga på å forklare korleis regjeringsbehandling skal sikre konstitusjonelt ansvar og demokratisk kontroll, og kvifor og korleis smittevernlova bør endrast for å sikre desse omsyna. Koronakommisjonen sluttar seg til desse vurderingane og siterer frå utgreiinga fleire gongar.

– Denne kritikken råkar smittevernlova meir enn regjeringa og det er viktig å ikkje tabloidisere konklusjonen om grunnlovsbrot. Regjeringa gjorde mykje rett ved å stille seg bak og ta ansvar for nedstenginga, trass i at det var Helsedirektoratet som gjorde vedtaka i strid med krava i Grunnlova, påpeiker han.

– Ikkje godt nok tilpassa Grunnlova

Hovudproblemet er at smittevernlova ikkje var godt nok tilpassa ordningane i Grunnlova og lovverket elles, ifølge Holmøyvik.

Koronakommisjonen deler også vurderingane i utgreiinga når det gjeld den mykje omtalte koronalova og lærdomane frå den og at regjeringas heimel i smittevernlova § 7-12 til å fråvike lover er for ubestemt og vid.

– I tillegg tar dei opp at det er behov for klårare reglar for domstolane i beredskapssituasjonar, om og kven som kan bestemme heil eller delvis stenging og prioritering av sakstypar, påpeiker Holmøyvik.

– Viktig og fagleg tilfredsstillande

Han seier det er veldig hyggeleg og fagleg tilfredsstillande å bli høyrd på. Samstundes påpeiker Holmøyvik at det er viktig å få fram at Koronakommisjonen har gjort grundige og sjølvstendige vurderingar av dei spørsmåla han har greia ut på grunnlag av eit mykje breiare og meir samansett kunnskapsgrunnlag.

– Mi rolle var å greie ut dei juridiske rammene for styresmaktenes handlingar, peike på styrker og veikskapar i det juridiske rammeverket og føreslå endringar og læringspunkt, seier Eirik Holmøyvik.

Arbeidet til Holmøyvik har også skapt ein del overskrifter. Se nokre døme her: