Om prosjektet
Technoscientific Immortality er eit nytt prosjekt ved UiB som utforskar korleis ny teknologi, spesielt livsforlengande og/eller digital teknologi, påverkar kulturelle førestillingar kring liv, død og slektskap i USA og Russland.
Main content
Bakgrunn og formål
Dei siste tiåara har vore vitne til ei eskalering og intensivering av grensesnittet mellom menneske og teknologi. Avanserte datamaskinar, medisinske gjennombrot i bioteknologi og eit nytt syn på aldringsprosessen som noko reversibelt kan potensielt ha stor påverknad på kulturelle førestillingar kring kva eit menneske er og kan vere. Ein kan stille seg forbløffande spørsmål som: Kva skjer i eit samfunn kor menneske ikkje døyr? Kva om menneske fekk ein heilt ny form? Til dømes, kan ein menneskeliknande maskin med eit digitalt nedlasta sinn kallast eit menneske? Ville den ha hatt sjølvmedvite og vore eit individ med eigne sosiale relasjonar? Når slike spørsmål gjentatte gangar vert tatt opp i populærkultur, media og vitskaplege kontekstar, er me då vitne til ei endring i kulturelle førestillingar kring menneskeleg natur? Og om dette er tilfellet, kva kan det fortelje oss om sosiale og kulturelle endringar i dag?
Overskrifter i aviser, diskusjonar i sosiale media og "longreads" i diverse magasiner peikar på ein aukande fascinasjon for "menneskeleg forbetring" og utsikter til udøyelegdom ved hjelp av teknologi og vitskap. I nyare tid har det vekse fram sosiale rørsler som arbeidar for å presse grensene for kva eit menneske er og kan vere. Anti-aldringsgrupper jobbar aktivt for å oppnå radikal livsforlenging og finansierer medisinsk forsking som, vonande, kan snu aldringsprosessen. Vidare er det ei mengd med nye selskap, spesielt i USA, som tilbyr digitale oppstandelsestenester som skapar digitale simuleringer av avdøde vener og familiemedlemar. Ein kan òg sjå ei aukande interesse for det som kan kallast 'udøyelegdomsrørsler', som til dømes den transhumanistiske organisasjonen Humanity+. Kort sagt kan transhumanisme skildrast som ei filosofisk, politisk og sosial rørsle kor det endelege målet er å overskride noverande biologiske og mentale menneskelge begrensingar gjennom teknologi. I transhumanistiske sirklar er det heller ikkje en uvanleg å meine at eit nytt og teknologisk forbetra menneske, tenkelig, kan oppnå udøyelegdom.
Prosjektet Technoscientific Immortality tek opp spørsmål kring tematikken nemnd ovanfor og har tre hovudformål. Det første er å forstå det sosiokulturelle fundamentet for, og effekten av, det som kan kallast for teknovitskaplege udøyelegdomsrørsler, som til dømes transhumanismen. På eit meir generelt grunnlag søkjer prosjektet å forstå relasjonen mellom førestillingar kring kva eit menneske er og førestillingar kring sosiale relasjonar. Kva påverknad har endringar i vår forståing av kva eit menneske er på korleis me forstår sosiale relasjonar? Det andre formålet er å danne eit nytt empirisk grunnlag for å utvikle teoriar kring korleis sosiale relasjonar vert forma og verdsett i ein kontekst av teknovitskapleg udøyelegdom. Kort sagt vil dette prosjektet utvikle ein komparativ analyse av etnografiske kasusstudier på ulike "udøyelegdomspraksisar" i USA og Russland. Det tredje formålet er å utvikle ein historisk basert analyse av korleis idear om udøyelegdom har spreidd og utvikla seg i partikulære sosiokulturelle kontekstar, og ein komparativ analyse av historiske amerikanske og russiske udøyelegdomsrørsler.
Etnografiske kasusstudier
Prosjektet består av seks ulike etnografiske studier:
"Mind transfer" og Bina48-prosjektet
Denne første kasusstudien, som vil bli utført av Annelin Eriksen, tek for seg transhumanistar som arbeidar med udøyelegdomsprosjekt i USA. Kort sagt så skal denne studien etnografisk utforske søkenen etter å oppnå udøyelegdom gjennom å laste opp menneskesinnet til ein datamaskin. Under feltarbeidet kjem Eriksen til å jobbe tett med Terasem Movement, ein organisasjon som huser det leiande "mind transfer" forskingsinstituttet i USA. Grunnleggaren av Terasem Movement, Martine Rothblatt, arbeidar med å utvikle ein robotisk replika av livspartnaren sin (Bina48) og teknologi som skal tillate folk å "laste opp" minnene sine til ein datamaskin.
Kryonikk i USA
Den andre kasusstudien blir gjennomført av William Dawley og er en etnografisk studiet som undersøker radikale livsforlengende- og udødlighetsprosjekter i USA med fokus på kroppen og teknovitenskap innenfor felt som medisin, nanoteknologi, genetikk, bioteknologi og beregningsvitenskap. Studien har et fokus på kryonikk og skal undersøke Alcor (det største kryonikk selskapet i verden) som er lokalisert utenfor Phoenix, Arizona og Cryonics Institue utenfor Detroit, Michigan, og deres forhold til det nye europeiske kryonikkselskapet Tomorrow Bio i Berlin og Sveits. I forsøk på å kontekstualisere kryonikk i USA stiller studiene spørsmål med hvordan kryonikk stiller seg i forhold til andre radikale livsforlengende- og udødlighetsprosjekter i USA, hvilken rolle teknovitenskap spiller i kronikkfeltet i forhold til andre vitenskapelige og kulturelle bevegelser, og hvilken rolle risikostyring spiller i disse prosjektene. For å komplimentere de etnografiske undersøkelsene i USA vil studien også ta i bruk digital etnografi og “Stordata” undersøkelser for å bedre forstå den relativt smale praksisen kryonikk og dens forbindelser til bredere trender for optimalisering av mennesket (human agumentation).
*David Herbert, Fartein Nilsen, og Ida Skarsæterhagen tar del i “Stordata”-delen av prosjektet.
"Sorg-robotar" og digital gjenoppliving
Den tredje kasusstudien blir gjennomført av stipendiat Fartein Hauan Nilsen, og har som mål å undersøke det voksende teknologifeltet for “digitale etterliv” i USA. Disse teknologien tilbyr individer å bevare minner og lage digitale avatarer av seg selv som andre kan samhandle meg når etter de har gått bort. Studien skal fokusere på startup-selskap i California som tilbyr disse tjenestene. Videre vil studien også undersøke mer generelt hvordan personer samhandler med “digital companions” (digitale ledsagere). Der bruken av digitale ledsagere designet med kunstlig intelligens (KI) i økende grad er å finne i ulike områder, som helsevesenet, utdanning og kundeservice håper studien å gi innsikt i hvordan folk samhandler med digitale ledsagere, både for å få økt forståelse for hvordan man ville samhandlet med posthumane digitale avatarer og en bredere forståelse for de kulturelle implikasjonene bruken av disse teknologiene har det hverdagslige liv. Studien bruker en kombinasjon av kvalitative metoder og online samhandling med virtuelle samfunn som bruker og diskuterer digitale etterliv teknologier. For å forstå det komplekse forholdet mellom teknologi og kultur er det analytiske rammeverket i studien basert på både digital antropologi og cyborg antropologi. Ved å kombinere disse tilnærmingene til teknologi håper studien og oppnå en nyansert forståelse av måtene digitale teknologier kan endre vårt forhold til død og åpne nye muligheter for å eksperimentere med sosialantropologiske metodologier.
Nikolai Fedorov: Slektskap, udøyelegdom og familieplikt i Russland
I denne studien kjem Anya Bernstein til å sjå nærare på funn frå tidlegare feltarbeid i Russland og bruke arkivgransking for å utforske arven etter den svært innverknadrike russisk ortodokse tenkaren Nikolai Fedorov (1829-1903). Fedorov la fram banebrytande og unikt russiske idear kring udøyelegdom og kristent brorskap mot slutten av 1800-talet. Sentralt hjå Fedorov stod tanken om at det gjennom teknologi ville vere mogleg å vekke til live alle som nokon gong har døydd og at å oppnå dette målet var ei plikt for dei levande. Søken etter nedkjempe døden skulle bli alle menneske sin felles sak og gjennom dette få ein slutt på krig og fiendskap. Sjølv om dei kanskje verkar eksentriske, har ideane til Fedorov hatt innverknad på alt frå sovjetisk vitskap, balsameringa av Lenin, til grunnlegginga av kryonikk i Russland.
KrioRus: Kryonikk i Russland
Denne studien er ei utviding av Bernstein sitt tidlegare feltarbeid med KrioRus, eit russisk kryonikkselskap i Moskva. Sjøv om selskapet berre har eksistert i 14 år har det allereie fryst ned 73 personer og 41 kjæledyr. Det veks òg mykje raskere enn dei amerikanske kryonikkselskap. Samanlikna med Fedorov sin messianisme kan kryonikk verke til å vere "rasjonell" praksis som investerer i sjølvet - ein slags forsikring mot døden. Likevel avslører nærare analyse tydelege Fedorovianske tema som viser at kryonikk òg er djupt påverka av slektskapsrelasjonar og tankar om familiær plikt. Studien vil samanliknast med den amerikanske kryonikkstudien. Kva er partikulært for KrioRus i forhold til dei amerikanske selskapa? Korleis vert familie, og spesielt avstamning, konseptualisert og utviklet? Og kan kryonikk potensielt endre måten ein forstår kva eit menneske er i Russland?
The Church of Perpetual Life
Denne siste studien vil bli utført av Eriksen og Bernstein saman. Med spesielt fokus på slektskap, vil studien samanlikne og binde saman både amerikanske og russiske udøyelegdomsprosjekt. Fedorov sine idear har vore svært innverknadsrike i Russland, men dei har inntil heilt nyleg vore relativt ukjente i Vesten. Transnasjonale forbindelser mellom amerikanske og russiske transhumanistiske rørsler har derimot ført til ei uventa utvikling. For nokre år sida vart Fedorov utropt til å vere profet i ei protestantisk-kristen kyrkje kalla The Church of Perpetual Life i Florida (interessant nok er science fiction-forfatteren Arthur Clark også rekna som ein profet). Denne kyrkja ser det som si oppgåve å gjere Fedorov sin tanke om menneskeslekta sin felles sak til røyndom. Dette gjer dei gjennom både å tilby religiøse tenester til langlivsaktivistar og popularisere biomedisinsk forsking på livsforlenging blant ålmenta. I ljos av trua si, har The Church of Perpetual Life utvikla eit særeige ritual kalla “Remembrance of the Resurrectables” som endå ikkje er vorte studert av antropologar.