Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Dronningar blant bøker

Velkomen til foredrag om handskrifter i kvinneleg eige i mellomalderens Bergen.

Bilde fra boken Kristinapsalteret
Kristinapsalteret er ei av bøkene som har tilhøyrt ei norsk prinsesse.
Photo:
København, Det Kongelige Bibliotek, GKS 1606 4o

Main content

Nokre av dei vakraste bøkene som har overlevd frå mellomalderens Noreg var eigde av kvinner, ikkje minst kvinner i den norske kongefamilien.

I åra fram mot 2024 vil Magnus Lagabøte og lovbøkene hans frå 1270-åra få mykje merksemd. Men bokkunst av eit internasjonalt kaliber finn ein også blant eigedelane til Magnus si mor, Margrete, syster hans Kristina og svigerdottera Isabella.

Me skal sjå nærare på dronningane og bøkene deira, og vender til slutt også blikket mot birgittinarklosteret på Nordnes. 

Velkomen til foredrag ved Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen.

Billett kjøper du her