Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Utveksling

Sjekkliste før heimreise

Dette er ei sjekkliste for deg som er på Erasmus-utveksling.

Main content

Før du kjem heim, må du:

  1. Få dokumentasjon på utvekslingsopphaldet: Vertsuniversitetet må bekrefte datoane du har vore på utveksling ved å fyll ut og signere Confirmation of Erasmus Period. Det er desse datoane som bestemmer størrelsen på stipendet og kor mykje du vil få utbetalt i etterkant av opphaldet. Startdato er normalt fyrste undervisningsdag eller velkomstdag og sluttdato er den siste dagen studenten må vere til stades (eksamen eller undervisning). Den totale perioden må minimum vere på 60 dagar dersom det skal kvalifisere til Erasmus-stipend for studiar.
  2. Svare på rapporten frå EU-kommisjonen: Når utvekslingsopphaldet er over til du automatisk få tilsendt en e-post til din student e-postadresse frå EU-kommisjonen med lenke til en rapport/spørjeskjema som du må fylle ut og sende inn.
  3. Sluttutbetaling: Når du har fullført desse punkta i vil du få utbetalt resten av stipendet. Normalt er det rundt 30% av det totale stipendet, men om utvekslingsopphaldet har vore kortare eller lengre enn berekna frå datoane som står på stipendavtalen, blir utbetalinga justert.

Fristar

Frist for å levere Confirmation, svare på rapporten og ta den andre språktesten dersom det gjeld deg:

  • For deg som har vore ute i haustsemesteret: 30. januar
  • For deg som har vore ute i vårsemesteret eller heilt år: 30. august

Dersom du gjer dette innan fristen, vil du få resten av stipendet 28. februar (ute om hausten) eller 30. september (ute om våren/heilt år). Dersom du gjer noko av dette etter fristen, vil du få stipendutbetalingen seinare.