Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Høyringsfrist 15. februar 2024

Høyring: Polyfons strategi 2024-2030

12. desember 2023 vedtok Polyfons styringsgruppe ein høyringsversjon av klyngas nye strategi. No vert denne sendt ut på høyring. Alle er velkomne til å kome med høyringsinnspel! Frist: 15. februar 2024. Sjå faktaboksen.

Eit vindauge i naturen
Kva og kor vil vi med kunnskapsklynga Polyfon?
Photo:
Brynjulf Stige

Main content

Informasjon om Polyfons strategiprosess

Polyfons styringsgruppe har vore opptatt av at Polyfons strategiprosess i 2023 skulle vere så inkluderande og demokratisk som mogeleg. Det har difor vore ei open innspelslenke på klyngas nettsider gjennom heile prosessen og det har vore gjennomført to opne, digitale innspelsmøte. Hovuddiskusjonane i strategiprosessen har gått rundt følgjande tema: 

  • Visjon
  • Verdiar
  • Hovudmålsetjing og delmålsetjingar
  • Satsingar
  • Verkemiddel

12. desember 2023 vedtok styringsgruppa ein høyringsversjon av klyngas strategi for 2024-2030. Vi takkar alle som har deltatt i strategiprosessen, med gode innspel og forslag! Ein spesiell takk går til den kompetente og engasjerte strategigruppa som har arbeidd gjennom heile året med strategidokumentet.

I 2024 vert det først gjennomført ei høyring, før arbeidet med sjølve strategidokumentet vert følgd opp med utvikling av nye handlingsplanar.