Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Kva meiner folk om vindkraft på land og til havs?

Stipendiat Ingrid Kvåle Faleide kjem til biblioteket for å snakke om kva folk i Norge meiner om vindkraft.

Bilde av Ingrid Kvåle Faleide
Photo:
UiB

Main content

Sidan 2014 har vi spurt kva folk meiner om vindkraft på land og til havs i Norsk medborgerpanel. Utgangspunktet var nesten identisk: I 2014 var støtta til vindkraft både på land og til havs på 78 prosent. I 2019 såg vi at haldningane til vindkraft på land var blitt meir delte, medan støtta til vindkraft til havs heldt seg stabil. Så har verda vore gjennom ein koronaepidemi, Russland har invadert Ukraina i ein krig som har drepe titusenvis av soldatar og sivile, og Europa er blitt kasta ut i ei energikrise med skyhøge prisar på straum og gass. I denne konteksten blir vindkraft peika på som ein av dei mest sentrale kandidatane for å auke norsk produksjon av elektrisitet. Har omveltingane etter 2019 gjort noko med norske haldningar til vindkraft? Og kva trur eigentleg folk at andre meiner om dette? I denne presentasjonen vil eg gå gjennom korleis utviklinga av haldningar til vindkraft på land og til havs har vore frå 2014 til 2022, i tillegg vil eg vise kor feil folk tek om opinionen i desse spørsmåla.