Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Akademisk aften

Bergen Uavhengige Sosialrådgivning (BUS) – 25 år til teneste!

illustrasjon
Photo:
HVL

Main content

Studentane ved sosionomutdanninga i Bergen tok initiativ til og starta BUS i 1998. Forsking hadde då vist at det var eit underforbruk av sosiale tenester og manglande informasjon om velferdstilbod og rettar. Mange som hadde behov for velferdstenester visste ikkje kor dei skulle søke og korleis finne fram i systemet.

Studentane ved sosionom studiet kjende sitt samfunnsansvar og ønska å gjera noko; BUS såg dagens lys. Sidan då har BUS vore ein del av sosionomstudiet ved HVL, her arbeider studentane frivillig på ettermiddag og kveld, frå måndag til torsdag kvar veke, og driv si eiga sosialrådgjeving. Behovet for BUS har ikkje minka med åra, snarare tvert imot.

Under innslaget møter du frivillige medarbeidarar, studentassistent, koordinator og veiledarar i BUS i engasjert samtale om kva tilbodet betyr for studentane, for brukarane, for utdanninga og for samfunnet.