Årsmelding 2023: Kor står vi, kor går vi?
Kunnskapsklynga Polyfon arbeider for at musikk som helseressurs skal takast i bruk i heile landet, på ein brukarorientert og kunnskapsinformert måte. Her kan du lese eit samandrag om klyngas aktivitetar og samfunnseffektar i 2023.
Main content
Årsmeldinga er organisert etter dei fire delmålsetjingane som var gjeldande for klynga i 2023, knytt til 1) Tenesteutvikling, 2) Forsking, 3) Utdanning og 4) Formidling.
Kapittel 1 om tenesteutvikling
Tenesteutvikling omfattar både behandlingsorientert musikkterapi i helsevesenet og musikkterapi som psykososial ressurs i ulike kontekstar. Vi ser også fleire tiltak som byggjer bru mellom sektorar, i grenselandet mellom kulturdeltaking og helsefremmande tiltak. Vidare utvikling av kvalitet i tenestene vil krevje god kontinuitet, dokumentasjon og evaluering og konstruktiv kritikk og diskusjon. I indikatordelen av kapittelet om tenesteutvikling vert data frå Norsk pasientregister (NPR) lagt fram. Dette er data som klart indikerer at klynga bidrar til samskaping av tilbod og tenester. Det er difor ei viktig oppgåve å prøve å spreie arbeidsmåtar og klyngedeltaking til fleire regionar i landet.
Kapittel 2 om forsking
Polyfon har i 2023 har gitt ut kr 453 400,- i forskingsstøtte, til 9 ulike prosjekt. Utviklinga dei seinare åra har vore at søknadssummen har gått opp, medan tilgjengelege ressursar til tildeling har gått litt ned. Det er difor grunnar til å sjå på om klyngas økonomiske kraft til å lyse ut midlar til forskingsstøtte kan styrkast. Vi ser elles at fleire fagpersonar med doktorgradskompetanse innan musikkterapifeltet vil arbeide i praksisfeltet i åra framover. Det vert då eit spørsmål om ein aktivt kan leggje til rette for at denne nye situasjonen vert brukt konstruktivt til å byggje nye mogelegheiter for praksisnær forsking og samarbeid mellom akademia, utøvarar og brukarar. Indikatordata for publisering viser at nivået for tal vitskaplege publikasjonar har vore stabilt dei siste tre åra. Gitt at forskingsmiljøa i klynga er små, må 35 publikasjonar i 2023 kunne reknast som høg og god aktivitet. Heile 7 av 10 klyngedeltakarar har vore aktive med publisering av vitskaplege artiklar i 2023, noko som er positivt.
Kapittel 3 om utdanning
Polyfon byggjer samarbeid mellom dei to norske musikkterapiutdanningane og støttar ulike seminar og etterutdanningsinitiativ. Den årlege Polyfon-konferansen er ein viktig etter- og vidareutdanningsarena og samla i 2023 deltakarar frå fleire ulike delar av landet. Arbeidsgruppa for tverrfagleg samarbeid om profesjonsutdanning heldt fram sitt viktige arbeid i 2023. Indikatordata for nasjonal utdanningskapasitet viser at denne er for låg, dersom ein i løpet av nokre tiår skal nå målet om å gjere musikkterapi tilgjengeleg på ein meir likeverdig måte i heile landet. Samstundes viser andre indikatordata at søknaden til musikkterapistudiet ikkje har gått opp dei seinare åra. Dette er bakgrunnen for at Polyfon i 2023 tok initiativ til etablering av eit nytt rekrutteringsnettverk. Tanken er å gje lokalt og regionalt rekrutteringsarbeid eit løft, gjennom nasjonal samordning og støtte.
Kapittel 4 om formidling
Polyfon arbeider aktivt med formidling i det offentlege rom, i 2023 m.a. gjennom eit høyringssvar til NOU 2023: 4 Tid for handling. Polyfon delte i 2023 ut kr 104 200 i formidlings- og arrangementsstøtte. 6 ulike aktørar fekk støtte. Noko av det aller viktigaste når det gjeld formidling i 2023 er elles Noregs musikkhøgskoles faglege bidrag til NRK-serien Demenskoret, ein serie som har sett musikkens verdi for helse, livskvalitet og samfunnsdeltaking på kartet på nye måtar i heile landet. Kapittelet beskriv elles dei ulike former for formidlingsarbeid klynga driv. Ei samla vurdering er at musikkterapi i aukande grad er ein synleg del av samfunnet vårt. Med denne nye situasjonen veks det også fram større breidde i korleis musikkterapi vert representert. Ofte ser vi hyggelege oppslag om musikkens mogelegheiter, men oftare enn før er musikkterapi også ein del av debattar om vanskelege problemstillingar. Dette understrekar behovet for å arbeide seriøst med ulike sider av formidlingstematikken.
Kapittel 5 om føresetnader for samskaping
Det strategiske samarbeidet med ulike regionale og nasjonale kompetansemiljø er styrkt i 2023. Utfordringsbildet for den norske velferdsstaten er ein del av bakteppet for Polyfon-samarbeidet. Dette vil vere ein del av utgangspunktet for det arbeidet med handlingsplanar som skal initierast i 2024, som oppfølging av arbeidet med ny strategi.
Klynga bidrar til samskaping av tilbod og tenester. Det er difor ei viktig oppgåve å prøve å spreie arbeidsmåtar og klyngedeltaking til fleire regionar i landet.