Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nettseminar

Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning

Korleis kan ein skape insentiv til å bruke, utvikle og styrkje norsk fagspråk i høgare utdanning, særleg i samanheng med merittering og rekruttering? Finst det institusjonar som har prøvd ut dette i praksis? Og kva for endringar må ein gjere for å få dette til?

Illustrasjon av personer på seminar
Norsk fagspråk tapar domene til engelsk, og regjeringa ynskjer å styrke norsk som fagspråk i akademia.
Photo:
Anagram

Main content

19. november kl. 10–11 inviterer Fagspråksenteret, Språkrådet  og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til nettseminar om vektlegging av norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning.

Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova (ekstern lenke) som tredde i kraft 1.8.2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia (ekstern lenke) som kom i 2023.

Program frå kl. 10.00

  • Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet, om aktuelle reformar for vurdering av forsking og forskarar og tankar om korleis ein kan sjå for seg mogelegheita for å inkludere parallellspråkleg praksis ved tilsetjing og opprykksituasjonar.
  • Mathilde Skoie, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO), om kva UiO gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og om dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
  • Verónica Pájaro, leiar av det språkpolitiske utvalet ved Universitetet i Agder (UiA), om kva UiA gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og i kva grad dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
  • Hilde Gunn Slottemo, nestleiar i Forskerforbundet, om i kva grad det er lagt til rette for merittering av ulike aktivitetar knytte til samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane og kva typar aktivitetar som burde gje utteljing i samband med merittering. 

Frå ca. kl. 10.40

  • Panelsamtale med mellom anna spørsmål frå publikum (det vil vere høve til å stille spørsmål i chatten undervegs).

Seminaret vil bli tolka på teiknspråk.