Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Lektorutdanningsutvalet ved HF

Utvalet er rådgivande organ for fakultetet i saker som gjeld lærarutdanninga.

Main content

Programrådet for lektorutdanninga ved UiB har overordna ansvar for den faglege heilskapen i lærarutdanninga ved universitetet. Ved Det humanistiske fakultet er det først og fremst Studiestyret og Lektorutdanningsutvalet ved HF (LUHF) som handsamar saker knytte til lærarutdanning.

LUHF står for den daglege drifta av Lektorutdanning med master i nordisk, Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) og Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap. Utvalet tek seg òg av saker som omhandlar erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk eller norsk og fagdidaktikk i eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i faga engelsk, tysk, fransk, spansk, nordisk, religionvitskap og historie. LUHF fungerer på same måte som institutta sine programstyre. Både LUHF og Studiestyret handsamar òg andre saker ved fakultetet som gjeld lærarutdanning.

Mandat

  • Dagleg drift av lærarutdanninga ved HF
  • Programutvikling og evaluering av lærarutdanninga ved HF
  • Kvalitetssikring av studieplanar og emneplanar
  • Rådgivande organ for fakultetet
  • Høyringsorgan i lærarutdanningssaker ved HF
  • Lektorutdanningsutvalet har avgjerdsfullmakt
  • Rapporterer til Studiestyret etter avslutninga av studieåret
  • Leiar møter i Programrådet for lektorutdanning ved UiB og i Studiestyret ved HF
  • Prodekan for utdanning og internasjonalisering er vararepresentant i Programrådet for lektorutdanning ved UiB
  • Éin av dei faglege representantane er vararepresentant i Studiestyret
  • Éin representant frå lektorutdanningsutvalet representeret Det humanistiske fakultet i Praksisutvalet

Samansetjing

  • Utvalsleiar: fagdidaktikar innanfor fag 1 i lektorutdanninga
  • 3 faglege representantar frå IF, LLE og AHKR
  • 2 studentrepresentantar (éin fra lektorutdanninga og éin frå PPU)
  • Prodekan for utdanning og internasjonalisering oppnemner leiar og faglege representantar
  • Periode for oppnemning: 3 år

Administrativ koordinator lærarutdanninga ved HF er sekretær for utvalet.

Programrådet for lektorutdanning ved UiB kan stille med observatør i LUHF.

Programsensor for HF-programma møter etter behov.

Representantar

Leiar: Sigrid Ørevik

Faglege representantar: Xavier Llovet Vilá, Marie Steine von der Lippe og Endre Brunstad

Studentrepresentantar: Éin frå integrert lektorutdanning og éin frå eittårig praktisk-pedagogisk utdanning

Administrativ koordinator for HF- programma er sekretær for utvalet.