Home
Research Group for Medieval Philology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Fjǫld veit hon frœða

Fjǫld veit hon frœða er ei samling av tjue arbeid forfatta av Else Mundal. Samlinga vart utgjeven som eit heidersskrift i samband med at Else Mundal gjekk av som professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen ved utgangen av 2012.

Main content

Redaktørane av dette heidersskriftet er Odd Einar Haugen (UiB), Bernt Øyvind Thorvaldsen (Høgskolen i Telemark) og Jonas Wellendorf (University of California, Berkeley). Alle arbeida har vore publiserte tidlegare, men dei har vore skanna inn og typograferte på nytt, forutan at det bibliografiske oppsettet er tilpassa serien, Bibliotheca Nordica. Heidersskriftet er også utstyrt med register over omtalte personar og verk. Om nokon skulle vere i tvil om breidda i forfattarskapen til Else Mundal, kan dei bla gjennom desse registera og få syn for segn.

Forutan tabula gratulatoria og ein helsingsartikkel frå Sverre Bagge, Lars Boje Mortensen, Torstein Jørgensen og Leidulf Melve, inneheld boka også ein bibliografi over Else Mundals vitskaplege arbeid. Bibliografien tel no 235 nummer, men det vil heilt sikkert kome til mange nye nummer i åra framover.

Utgjevarane avsluttar sitt forord slik:

“Tre gonger heiter det i Vǫluspá: Fjǫld veit hon frœða. Mykje har ho av kunnskap. Det gjeld minst like mykje vår fortente kollega og ven Else. Vi oppmodar lesarane til å bli tekne med på ei vandring i den norrøne litteraturen og kulturen, og vi er sikre på at lesarane vil ha like stor glede av det som vi hadde av å setje saman denne boka.”

Boka er nr. 4 i serien Bibliotheca Nordica og kom ut på Novus forlag i Oslo i desember 2012.