Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ph.d.-portrett

Symbol er eld er gud: eit portrettintervju med Håkon Tandberg

Håkon Tandberg er stipendiat i religionsvitskap og forskar på zoroastrismen i India og deira relasjonen til tempelelden.

Mann
– Prosjektet mitt handlar om korleis, når og kvifor eller kvifor ikkje zoroastriske parsiar dannar sosiale relasjonar med elden i tempelet, fortel Håkon Tandberg.
Photo:
Magnus Halsnes

Main content

– Då eg byrja studere religion, la eg merke til ei særskilt fascinerande samhandling; den mellom menneske og gudar og andre overmenneskelege vesen. Eg vart spesielt nysgjerrig på når denne samhandlinga oppstår i konteksten av ein følt sosial relasjon, fortel Håkon Tandberg.

Tandberg byrja som stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) i 2010, og skriv om zoroastrismen i India og kva relasjon parsiske zoroastriar i India har til elden i templa sine.

– Alle religionar med respekt for seg sjølv har ein eldgud

Zoroastrismen er ofte kalla den eldste religionen som framleis eksisterer, og i dag utgjer den om lag hundre tusen personar på verdsbasis. For om lag tusen år sidan emigrerte zoroastriar frå opphavslandet Iran til India i bølgjer i kjølvatnet av den muslimske erobringa av Persarriket. Dei som slo seg ned i India vart kjende som parsis, eller parsiar, sidan språket deira var farsi.

I templa deira brenn det ein tronsett eld dei sørgjer for å halde kontinuerleg levande. For utanforståande har posisjon til denne elden vore noko uklår.


– Denne elden, eller Atar, er ein viktig del av det religiøse livet til zoroastriane i dag. Prosjektet mitt handlar om korleis, når og kvifor eller kvifor ikkje zoroastriske parsiar dannar sosiale relasjonar med elden i tempelet.


– Elden i tempelet er overraskande understudert frå utsida når ein ser på studiet av zoroastrisme generelt. Dei persiske zoroastriane har opp gjennom historia vore kalla eldtilbedarar, og då gjerne negativt. Tidlegare forsking har reprodusert teologiske forklaringar om at elden berre er eit symbol eller ikon på guden Ahura Mazda, men elden blir snakka om og handsama som meir enn berre eit symbol.


– Første gong eg besøkte parsiane beit eg meg merke i korleis mange psykologiserte elden, og tileigna den kjensler, intensjonar, agentur og overmenneskelege eigenskapar og krefter.

Feltarbeid i India

Dersom ein ynskjer å forske på dagens zoroastrisme, er Mumbai i India eit godt utgangspunkt, ifølgje Tandberg. Det er nemleg der dei fleste parsiar bur i dag, og i samband med doktorgradsprosjektet utfører han feltarbeid her.


– Kjeldene mine er menneska sjølv, og det var difor essensielt for meg å dra dit desse oppheld seg. Eg prøver å intervjue flest mogleg i ei rekkje semistrukturerte intervju. I tillegg til dette vel eg ut nokre til det ein kallar «person-fokusert etnografi» der eg intervjuar dei fleire gongar over lengre tid.


Elden blir mellom anna rituelt og spirituelt mata med tre-offer og hymnar fem gongar om dagen.


– Sjølvsagt hadde det vore interessant å observere ritual òg, spesielt med tanke på interaksjonen mellom parsiane og tempelelden, men desse tempela er hermetisk lukka for ikkje-parsiar. Sjølv om det ikkje er heilt ideelt, har eg omgått dette problemet ved å tilsette to forskingsassistentar som kan observere eldrituala for meg.  

Post ph.d.

Tandberg avsluttar stipendiatperioden i 2014, og har nokre idear om kvar han ynskjer seg vidare.


– Det hadde vore fantastisk å kunne leve av å dyrke nysgjerrigheita mi ved å forske, og då gjerne her ved instituttet. Eg har elles arbeidd mykje med forskingsformidling, og då særskilt kontakten mellom vidaregåande skule og universitetet.


– Dette er noko eg godt kunne tenke meg å arbeide vidare med, dersom eg då ikkje bli kasta rett inn i ei hundre prosents forskarstilling med eit stort reisebudsjett.