Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
HUBRO

Eit språk med mange namn

Spansk er ikkje berre lenger spansk.

Madrid-spansken har til nyleg hatt ein einerådande posijon som språknorm i...
Madrid-spansken har til nyleg hatt ein einerådande posijon som språknorm i spansktalande land.
Photo:
Colourbox

Main content

Spansk er morsmålet til 500 millionar menneske. Nesten 90 prosent av desse bur i Latin-Amerika. Likevel har låg språkleg sjølvtillit lenge prega dei latinamerikanske brukarane. No syner prosjektet Linguistic Identity and Attitudes in Spanish-speaking Latin America (LIAS) at ting er i ferd med å snu.

I spissen for prosjektet står UiB-forskarane professor Miguel Ángel Quesada-Pacheco og førsteamanensis Ana Beatriz Chiquito.

– Eit liknande prosjekt har aldri før vorte gjennomført. Tidlegare har forskarane sett på spansk i kontakt med andre språk. Me ynskte å sjå på spansk berre i lys av seg sjølv, fortel dei to forskarane.

 

Låg språktillit

Prosjektet femnar svært breitt, og skil seg ut frå liknande arbeid ved at ein har nytta same tema og metode over heile linja. I 8000 intervju har spansktalande frå 21 land vorte spurte ut om haldningar til sin eigen spansk og andre variantar av språket.

– Madrid-spansken har til nyleg hatt ein einerådande posisjon som språknorm. Ordforrådet, grammatikken og uttalen i Spania har vore mønsteret, medan dei andre variantane lenge har vorte sett på som avvik frå normalen, fortel Chiquito.

Med hjelp frå 30 vitskapelege assistentar i dei 21 landa, har dei same spørsmåla vorte stilte i kvart intervju. Dette fører til at alle resultata kan samanliknast heilt nøyaktig.

 

Globaliseringa si rolle

– Sjølv om me kan stadfesta at heile Latin-Amerika framleis held sterkt om Spania-varianten, kan me òg sjå mange tendensar til at dette er i ferd med å endra seg, seier Quesada-Pacheco.

– Resultata våre syner til dømes at alle informantane ynskjer å ha program og nyhende på fjernsyn og radio presenterte på sin eigen variant. Det same gjeld i skulesamanheng.

Forskarane fortel at det til no har vore vanleg å dobbeltdubbe utanlandske filmar. Det vil seie at det både er ein latinamerikansk variant og ein Spania-variant. På sikt håper dei at dette kanskje kan endre seg.

– Behovet for dobbeltdubbing har oppstått berre på grunn av haldningar. Det er heilt uproblematisk å forstå dei ulike variantane for spansktalande menneske, understrekar Quesada-Pacheco.

– På spørsmål om kva spanske språkvariantar informantane meinte var meir eller mindre heslege, svarte svært mange at det ikkje fanst nokre dårlege variantar. Dette syner ei overraskande endring i haldningane, meiner Chiquito.

 

Eit Spania i endring

I tida som har gått sidan LIAS-prosjektet tok til, har det skjedd enorme omveltingar i Spania.

– Økonomi og status er svært viktig når det kjem til språklege haldningar, påpeikar Quesada-Pacheco.

– Tidlegare immigrerte latinamerikanarane til Spania, no er det omvendt. Det vert spanande å sjå kva dette vil føre til på eit språkleg plan.

Elsk/hat-forholdet mellom Spania og Latin-Amerika endrar seg gjerne i krisetider. Mens Latin-Amerika opplevde økonomisk krise på 90-talet, er det no spanjolane som slit. Det får òg konsekvensar for språket.

– Latinamerikansk spansk og Spania-spansk har alltid eksistert i ein slags motsetnad. Me kan samanlikne det med bokmål og nynorsk i Noreg, seier Quesada-Pacheco.

Nordmenn har vorte svært godt språkleg skulerte dei siste 50 åra. Tidlegare var det ikkje uvanleg å støyta på problem fordi du snakka feil dialekt, også her i landet. Du fekk kanskje ikkje jobb, eller vart diskriminert på andre måtar. I det spanske språkområdet har ein opplevd dei same problema, men 50 år seinare.

 

Kunsten å snakke meksikansk

Målet for prosjektet har vore å kartlegge haldningane til latinamerikansk spansk og sjå på korleis språket er med på å danne identitetet til brukarane. Forskarane spurte mellom anna folk om kva dei kallar språket sitt.

– Dei fleste svarar framleis at språket dei snakkar heiter español, eller castellano. Det var likevel uventa å få så mange varierande svar på kva folk kallar spansken dei snakkar. Nokre seier til dømes «eg snakkar meksikansk» når dei skal skildre språket sitt. Ein kan tolke dette som ein del av ein stadig sterkare nasjonal identitet, meiner Chiquito.

Ho trur dei spansktalande vil akseptere meir og meir variasjon etterkvart, grunna stadig aukande språkleg sjølvtillit.

– Språket du snakkar er ditt eige, og det er ein viktig del av kulturen din. I Latin-Amerika òg, legg ho til.