Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Språk

Styrker tysktilbodet

UiB skal satsa på tysk språk som eit ledd i sin internasjonale strategi.

Main content

- Det hadde vore eit stort tap for universitetet sin internasjonale profil om alt skulle foregå på engelsk, seier viserektor for internasjonale relasjonar, Astri Andresen til På Høyden, UiB si nyheitsavis på nett.

Avisa siterer frå utkastet til Handlingsplan for UiBs internasjonale virksomhet 2011-2013.
”I inneværende periode (fra 2012) satses det spesielt på tilbud i tysk språk for å bidra til at flere studenter kan velge tysktalende land som utvekslingsland”, heiter det i utkastet til handlingsplanen.

Tysk forskingssamarbeid

- Satsinga på tysk har sammenheng med at me har eit omfattande forskingssamarbeid med Tyskland og at tyske studentar utgjer den største gruppen av utvekslingsstudentar ved UiB, seier Andresen til På Høyden.

Ho peiker også på at interessa for tysk språk og utveksling til Tyskland har dalt dei siste åra. 

Medan færre norske studentar dreg til Tyskland, er det desto fleire tyskarar som kjem til UiB for å forska og studera. 176 tyske studentar kom til UiB i 2009, i følgje På Høyden. 

Amanuensis Tor Jan Ropeid ved Institutt for fremmedspråk ser på satsinga som gledeleg. Han peiker på at UiB har lange samarbeidstradisjonar med Tyskland.

Tilrår Tyskland

Dr. Christian Bode var hovudgjest under UiB si internasjonale veke. Han tilrår at både forskarar og studentar eit opphald i Tyskland. Han trur også tyske forskarar og studentar får mykje att for å reisa til UiB.

- Universitetet i Bergen er kjent som eit universitet i verdsklasse. Det er bra å ha UiB på CV-en. Bare sjå på tala. Stadig fleire tyskarar reiser til Bergen, seier Bode til På Høyden.