Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SPRÅKÅRET 2013

Gjev rom for språk

I år fyller Ivar Aasen 200 år. UiB feirar i tre dagar med konferansen ”Rom for språk”.

UiB-rektor Sigmund Grønmo åpnet konferansen torsdag 14. mars.
UiB-rektor Sigmund Grønmo åpnet konferansen torsdag 14. mars.
Photo:
Kim E. Andreassen

Main content

Konferansen ”Rom for språk” er UiB si markering av Språkåret 2013 og 200-årsjubileet for Ivar Aasen.

– Den overordna målsetnaden med konferansen er å markere språkleg mangfald, og å granske føresetnadene for ein språkpolitikk som fremjar språkleg mangfald, seier førsteamanuensis Endre Brunstad ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Sør-Amerikas Ivar Aasen

Det er ikkje berre nynorsken si framtid som står på spel. Små språk over heile verda blir dagleg utfordra. I dagens globaliserte verd er vi prega av større kontakt med andre språk via mellommenneskelig kontakt og via media. Språkmangfald vert ofte sett på som eit problem.

– Me som arrangerer konferansen ser ikkje språkleg mangfald som eit problem, seier Brunstad.

Under konferansen vil foredragshaldarane gje døme på områder der språkleg mangfald er handtert på ein god måte. Brunstad nemner til dømes samisk og førkolumbiske amerikanske språk i Sør-Amerika.

– Blant andre skal professor Miguel Ángel Quesada-Pacheco snakka om dei førkolumbiske amerikanske språka. Han er Sør-Amerikas svar på Ivar Aasen.

Språklege fordelar

Konferansen vil òg ta opp korleis individet handterer språkleg mangfald. Til dømes kan det å lære både nynorsk og bokmål ha sine fordelar.

– Dei som lærer både nynorsk og bokmål utviklar språkkompetansen. Dess fleire språk ein meistrar, dess lettare er det å læra nye språk, seier Brunstad.

Konferansen vert halden på Litteraturhuset i Bergen. Heile konferansen vert oversett til teiknspråk.

Sjå programmet her.