Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Jubileumsseminar

I fotspora til Knut Bjørn Lindkvist

I høve professor Knut Bjørn Lindkvist sin 70-års dag, arrangerte Institutt for geografi seminaret «Footprints of economic geography: Research, Policy and Implementation».

Bidragsytarar til fagseminaret saman med jubilanten: Heidi Bjønnes Larsen (f...
Bidragsytarar til fagseminaret saman med jubilanten: Heidi Bjønnes Larsen (f.v.), Gard Hopsdal Hansen, Grete Rusten, Stig-Erik Jacobsen, Knut Bjørn Lindkvist, Heidi Holmgren, José Luis Sánchez Hernández og Arnt Fløysand.

Main content

Programmet var sett saman med tanke på jubilanten sitt arbeid ved instituttet og tittelen reflekterer Lindkvist si forsking. Det var mellom anna fokus på produksjon av saltfisk i Finnmark og vin i Spania, innovasjon, regional omstilling og naturbasert turisme. Innlegga kom frå personar frå Finnmark i nord til Salamanca, Spania i sør. Alle var dei del av Lindkvist sitt store nettverk.

- Eg er glad for å vera unnskyldninga til at dette seminaret vart arrangert, sa jubilanten etter at siste innlegg var presentert.

At Lindkvist har eit stort nettverk og ei lang og variert forskingskarriere viste også det gode oppmøtet i Lite Auditorium, med omlag 55 interesserte tilhøyrarar.

 

Sosial, engasjert og varm

Til tapas og twist i lunsjen vanka det mange godord, gåver og klemmar til jubilanten. Han vart skildra som eit sosialt og varmt menneske. Dekan Knut Helland omtala han som ein likandes kar, og mange var imponert over kva han har fått til og evna hans til å bygga nettverk og få folk til å samarbeida.

Lindkvist sine Heidi & Heidi, PhD-studentane Heidi Bjønnes Larsen og Heidi Holmgren, snakka om sine erfaringar med Knut Bjørn Lindkvist som rettleiar og medmenneske.

- Det har vore utruleg fint og bli betre kjent med deg. Du er varm og imøtekomande, og gir gode tilbakemeldingar. Du er kritisk, men har tru på oss. Det gjer at me får lyst til å jobba vidare, sa Heidi Bjønnes Larsen.

Knut Bjørn Lindkvist sjølv takka for ei fin tid på instituttet, men presiserte at sjølv om han no blir pensjonist, blir ikkje instituttet kvitt han så lett. Han har framleis mange planar og prosjekt han vil realisera.

- Mine kollegaer og studentar er svært viktige for meg, både som forskarar og menneske, avsluttar Knut Bjørn Lindkvist.

Les heile programmet her.