Home
Faculty of Social Sciences

Samfunnsplanleggar med ansvarsområde innanfor temaplanlegging, prosess- og prosjektleiing, og demografisk og sosial analyse

Geografifaget gjev kunnskap om prosessar og praksisar som påverkar lokal utvikling, regionalisering, stadstilknyting og identitet.

Main content

Geografiutdanninga er veldig relevant for det eg gjer til dagleg

 

Hvorfor valgte du å studere geografi ved UiB?

I 2005 fullførte eg ein bachelorgrad i kulturarbeid ved Høgskulen i Telemark. Eg var oppteken av bruken av kunst og kultur som ein del av stadsutviklings- og transformasjonsprosessar, og ønskja å supplera utdanninga mi med planleggingsteori. Eg fekk eit tips om at geografi ved UiB hadde eit godt tilbod innan dette feltet, og etter ein koselig prat med Arild Holt-Jensen bestemte eg meg for å søka opptak på årsstudium. Etter eitt år med ulike emne i geografi, var eg så begeistra for faget at eg bestemte meg for å fortsetja med mastergrad i samfunnsgeografi.

 

Hvorfor bør eventuelle nye søkere velge å studere geografi ved UiB?

Eg hadde tre supre år på Institutt for geografi. Det var eit godt og sosialt studiemiljø, utan for mykje intern konkurranse, men med mykje samarbeid. Geografifaget har tradisjon for felt­arbeid, og eg var blant anna med på ein felttur til Pärnu i Estland i høve eit praktisk planleggings­emne. Dette var både lærerikt og utrulig artig sosialt. Ein annan positiv ting med instituttet er at det alltid var opne dører inn til professorar og førsteamanuensisar, på den måten at det var lett å ta kontakt og få den hjelpa ein har behov for.

 

Hvordan er utdanningen din relevant for den jobben du har i dag?

Geografiutdanninga er veldig relevant for det eg gjer til dagleg. Eg tilsett som samfunns­planleggar i Fjell kommune, med ansvarsområde innanfor tema­planlegging, prosess- og prosjektleiing, og demografisk og sosial analyse. Fjell kommune er på den eine sida ein urban kommune med høg vekst i folketalet og eit sterkt næringsliv, og på den andre sida eit bygde­samfunn med ein tydeleg strilekultur. Geografifaget gjev kunnskap om prosessar og praksisar som påverkar lokal utvikling, regionalisering, stadstilknyting og identitet, og denne kunnskapen får eg god bruk for i kvardagen. I tillegg har eg stor nytte av det eg har lært om kvalitative og kvantitative analysemetodar, og ikkje minst innsikta i teoriar om samfunnsplanlegging.

 

Relevante studieprogram: