Home
Faculty of Social Sciences

Samfunnsøkonom som marknadsanalytikar i BKK

Ho hadde i grunnen sett for seg ein jobb i eit departement eller ein kommune etterpå, men da Ann-Mari Løberg såg utlysinga frå kraftselskapet BKK, vart ho interessert.

Main content

Sjølv om jobben min ikkje er direkte relatert til det eg skreiv om i masteroppgåva, brukar eg mykje av den same tankegangen. Det handlar om marknader, og eg får også brukt det eg kan om statistikk.

 

Allereie på vidaregåande peila Ann-Mari Løberg seg inn mot ei utdanning i samfunnsøkonomi. Ho hadde sosialøkonomi som valfag, og dette vekte interessa. Dessutan fekk klassen hennar ei omvising på Institutt for økonomi ved UiB, og studiet vart ikkje mindre freistande etterpå.
Masteroppgåva hennar handla om arbeidsmarknad og fagforeiningar, og korleis fagforeiningsmakt spelar inn på outsourcing i næringslivet. Dette undersøkte ho ved hjelp av statistikk frå ulike vesteuropeiske land, samt USA, Canada, Australia og Japan.


– Eg såg mellom anna på det som blir kalla ”coverage”, altså delen av arbeidarar som blir dekka av kollektive forhandlingar. Eg fann at høg dekningsgrad har negativ effekt på outsourcing dersom ein har desentraliserte forhandlingar, medan det ikkje er nokon slik samanheng når forhandlingane er sentraliserte, fortel ho.


Det var ein forelesar med interesse for emnet som foreslo temaet, og Ann-Mari tykte det var motiverande at resultata hennar kunne bli til nytte for fagmiljøet i staden for å støve ned i ein skuff.


Ho hadde i grunnen sett for seg ein jobb i eit departement eller ein kommune etterpå, men da ho såg utlysinga frå kraftselskapet BKK, vart ho interessert. Og med si fordjuping i statistikk synte ho seg å vere ein interessant kandidat for BKK også. Jobben var sikra fleire månader før mastergraden var avlagt.


– No jobbar eg med straummarknaden. Vi prøver mellom anna å danne oss ei meining om framtidige straumprisar, slik at ein kan styre produksjonen utifrå det. Sjølv jobbar ho mykje med å sette seg inn i CO2-marknaden, som har stor innverknad på kraftprisane. Dessutan har ho ansvar for å estimere forbruk og forbetre prognosar. Framleis er det mykje nytt å lære.


– Sjølv om jobben min ikkje er direkte relatert til det eg skreiv om i masteroppgåva, brukar eg mykje av den same tankegangen. Det handlar om marknader, og eg får også brukt det eg kan om statistikk, seier ho.


Studiekameratane er spreidd rundt i bank og forsikring, i forsking og i offentleg forvalting.
– Det sosiale miljøet på mastergraden var kjempebra. Alle kjende alle, og alle gjorde ting i lag. No i ettertid er det dét eg hugsar som det aller beste med masterstudiet, hevdar ho.

 

Relevante studieprogram: