Home
Faculty of Psychology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Opptak til masterstudium ved Det psykologiske fakultet

Her har vi samla informasjon om opptak til våre masterstudier.

Photo:
Paul-Erik Rosenbaum

Main content

Applying for our master's degree programmes taught in English? Find information here.

Søknadsfrist for opptak til våre masterprogram er 15. april  i SøknadsWeb.

NB. Søknadsweb opnar 1.februar

Det psykologiske fakultet nyttar i all hovudsak resultatutveksling når vi handsamar søknadar til våre program. Les meir om resultatutveksling

Masterprogram

Det psykologiske fakultet har opptak til følgjande masterprogram:

*Fordelt på tre studieretningar.

Opptaksreglement for kvart studieprogram

I tillegg til dei generelle opptaksreglane har kvart studieprogram eigne opptaksreglement som er spesifikke for dei.

Sjå her for meir informasjon

Søkjarar med utdanning frå UiB

Dersom du har heile utdanninga di frå UiB, treng du ikkje å laste opp karakterutskrifter eller vitnemål i søknadsweb.

Inngår det derimot ekstern utdanning som ein del av graden din, t.d. exphil frå eit anna universitet eller valfrie emne ikkje tatt ved UiB, så må du anten velje resultatutveksling eller laste opp karakterutskrifter/vitnemål som dokumenterer den eksterne utdanninga.

Informasjon om resultatutveksling finn du HER

Slik søker du:

Du søker elektronisk via SøknadsWeb.

  • Logg inn med personnummer.
  •  Registrer kontaktinformasjon. Denne kontaktinformasjonen brukar me for å gje deg eit evt. studietilbod.
  • Vel studieprogram.
  • Velj resultatutveksling eller last opp eventuell ekstern utdanning som inngår i opptaksgrunnlaget.

 

Søkjarar med utdanning frå andre lærestadar enn UiB

Slik søker du

Du søker elektronisk via SøknadsWeb.

  • Logg inn med personnummer.
  • Registrer kontaktinformasjon. Det er denne kontaktinformasjonen me brukar for å gje deg eit evt. studietilbod.
  • Vel studieprogram du vil søkje på.
  • Velj resultatutveksling eller last opp dokumentasjon. Informasjon om resultatutveksling finn du HER
  • Har du fullført ein utdanning innan søknadstidspunktet 15. april og du ikkje kan velje resultatutveksling, skal ALL dokumentasjon lastast opp innan 15. april
  • 1. juli er frist for etteropplasting, men KUN for deg som er utdanning i søknadssemesteret, og som innan 15. april lasta opp ei karakterutskrift eller har valgt resultautveksling

Med dokumentasjon meiner me vitnemål, karakterutskrifter, og anna dokumentasjon som er påkrevd for det enkelte program du søkjer opptak til.

Kva skal du dokumentere?

  • Vitnemål dersom du har oppnådd bachelorgrad (eller tilsvarande grad) på søknadstidspunktet og ikkje kan velje resultatutveksling. NB! Alle sider av vitnemålet skal lastast opp.
  • Karakterutskrift  dersom du ikkje er ferdig med graden din og ikkje kan velje resultatutveksling, legg ved ei foreløpig karakterutskrift og bekreftelse frå lærestaden om kva eksamenar som gjenstår, og at graden blir fullført ved utgangen av semesteret. Last så opp dei siste karakterane når dei er klare og innan fristen 1. juli.  
  • Informasjon om vurderingsmeldinger i søknadssemesteret. Du må legge ved vurderings-/eksamensmelding på dei emna du skal ta i inneverande semester.
  • Anna dokumentasjon Enkelte masterprogram ber i tillegg om dokumentasjon på relevant praksis, motivasjonsbrev, o.l. Sjekk opptakskrava for det enkelte masterprogram du søkjer på.
  • Har du utdanning frå utlandet må du laste opp pensum/litteraturlister og emneplan eller studieplan som viser innhaldet i utdanninga.

Du er sjølv ansvarleg for at all relevant dokumentasjon vert lasta opp. Høve som ikkje er dokumenterte i søknaden, vil det ikkje bli teke omsyn til. Kun originaldokument eller attesterte kopiar lastas opp.

Er dokumenta på andre språk enn engelsk, norsk, svensk eller dansk må ein omsetting gjort av ein godkjend translatør lastas opp saman med originaldokumentet.

Språkkrav

Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller høgskule må dokumentere tilstrekkelige språkkunnskapar:

 For masterprogram undervist på norsk er det krav om tilstrekkelig norskkunnskapar

 For masterprogram undervist på engelsk er det krav om tilstrekkelig engelskkunnskapar

Korleis klargjere dokument for opplasting

Dette gjeld deg som ikkje kan nytte resultatutveksling, og som i tillegg til eventuell resultatutveksling må laste opp vitnemål.

  • Du må først scanne dokumenta dine. (Dette kan t.d. gjerast på kopimaskiner på din lærestad, jobb eller på ein kopibutikk.)
  • Dokumenta må lagrast slik at du har dei tilgjengeleg for opplasting når du søkjer på søknadsweb.
  • Vi  ber om at dokumentasjonen er lagra i pdf-format, men godtar også formata jpg, doc, docx, og odt.

Om du etter 2013 har lasta opp dokumentasjon , treng du ikkje lasta opp på nytt. Eventuelle endringar må lastast opp, t.d. viss du har forbetra karakter. (NB. Har du all di utdanning frå UiB treng du ikkje laste opp eventuelle endringar.)

Opptaksreglement

Utrekning av karaktersnitt

Utrekning av karaktersnitt for emne som inngår i spesialiseringa skjer slik:

  1. Kvar karakter i spesialiseringa erstattast med en tallekvivalent (sjå tabell)
  2. For kvart emne blir tallekvivalenten multiplisert med antall studiepoeng og produkta blir summert
  3. Denne summen blir dividert med totalt antall studiepoeng, og resultatet blir rekna ut med to desimalar etter vanlige forhøyningsreglar
  4. For å bli rekna som kvalifisert søkar må du ha eit karaktersnitt på C (3,0) eller høgare
  5. Om fleire søkarar har lik poengsum, vil opptaket bli avgjort ved loddtrekking

Talkarakterane blir erstatta med ein talekvivalent etter følgjande skala:

KarakterTallekvivalent KarakterTallekvivalent
A5 1,00-2,245
B4 2,25-2,544
C3 2,55-2,753
D2 2,75-3,042
E1 3,05-4,001

 

Døme:

 StudiepoengKarakterEkvivalentProdukt
Emne 120A5100
Emne 230C390
Emne 330B4120
Emne 410D220
Sum90  330
Karaktersnitt (330/90)3,67

 

Datoar og fristar i opptaket

Med atterhald om endringar.

NårKva?Kor/korleis?
15. aprilSøknadsfristSøk innan 15. april på søknadsweb
1. juliSiste frist for etteropplastingDenne fristen gjeld kun for dei som ikkje hadde ein fullført utdanning på søknadstidspunktet, og som innan 15. april lasta opp karakterutskrift som viste avlagt utdanning fram til søketidspunktet.
 9. juliResultatet/svaret på søknadene er klart.Publiserast på SøknadsWeb og per e-post.

 20. juli

Svarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass og/eller ventelisteplass i hovudopptaket.

Du takkar ja til studieplass og/eller ventelisteplass på SøknadsWeb.
 23. juliEventuelle nye tilbod om studieplass er klare.Publiserast på SøknadsWeb, og per e-post.
30. juliSvarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass i 2. opptaksrunde.Du takkar ja til studieplass på SøknadsWeb.
31. juliEventuelle nye tilbod om studieplass er klare.Publiserast på SøknadsWeb, og per e-post.
6. augustSvarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass i 3. opptaksrunde.Du takkar ja til studieplass på SøknadsWeb.

 

Resultat av opptaket

Svar på søknad

Resultatet av opptaket vil bli publisert på SøknadsWeb. Alle søkarar får også e-post til oppgitt e-postadresse med svar på søknad om opptak. Det er tre moglege utfall på søknad om opptak; tilbod, venteliste og avslag (ikkje kvalifisert).

NB. Alle som får studieplass og har ekstern utdanning vil bli bedt om å framvise originale vitnemål/karakterutskrifter ved studiestart. (Ekstern utdanning=utdanning som ikkje er tatt ved Universitetet i Bergen.)

StatusKva betyr det?Kva må du gjere?
Tilbod

Du har fått tilbod om plass på eit masterprogram ved Det psykologiske fakultet. Viss du får tilbod om plass på det studieprogrammet du har som førsteprioritet i din søknad, bortfaller eventuelle tilbod på program du har prioritert lågare.

Dersom du får tilbod om studieplass, vil det bli opplyst om tid og stad for orienteringsmøtet/første oppmøte i e-posten me sender til deg.
Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet, gjør du dette på SøknadsWeb. (NB! Svaret kan berre bli gitt via SøknadsWeb, ikkje per post/e-post/telefon.) Dersom du ikkje takker ja til plassen innan oppgitt frist fell tilbodet om studieplass bort.
VentelisteDu står på venteliste til det masterprogrammet du har prioritert høgast i din søknad om opptak. Du er vurdert som kvalifisert og kan få tilbod om studieplass i eit eventuelt suppleringsopptak.Dersom du ønskjer å stå på venteliste må du takke ja til dette på SøknadsWeb innan oppgitt frist, viss ikkje bortfell tilbodet om ventelisteplass. Dette kan du gjere sjølv om du har takka ja til tilbod om plass på eit masterprogram du har prioritert lågare.
Ikkje kvalifisert

Du er ikkje funne kvalifisert/har fått avslag på søknaden om opptak då du ikkje tilfredsstillar eit eller fleire av opptakskrava

 (ikkje dokumentert relevant utdanning, ikkje oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande grad, ikkje oppfyller C-kravet, osv.)