Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Sørviserklæringa om bachelorprogram

Main content

Eit bachelorprogram er treårig (180 studiepoeng) og fører fram til ein bachelorgrad. Det vil som regel innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, 90 studiepoeng med spesialisering innanfor eit fag eller ein godkjend fagkombinasjon og 60 studiepoeng frå andre fag. I graden skal det inngå eitt eller fleire sjølvstendige arbeid som til saman har eit omfang på minst 10 studiepoeng. Minst 60 studiepoeng må vere avlagde ved UiB for at vitnemål for bachelorgraden skal kunne skrivast ut her.

Innhaldet i bachelorgraden er spesifisert i dei  ulike studieprogramma. Ut frå desse krava skal den enkelte student velje fag og emne i utdanningsplanen og stadfeste denne kvart semester. Universitetet legg og til rette for at du som student kan studere eit semester ved ein utanlandsk lærestad dersom UiB har samarbeidsavtale med lærestaden eller opphaldet er ved eit universitet der du kan få godkjent eit studieopplegg

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld bachelorprogram:

  • Gjennom studieopplegget gi deg ei utdanning som kvalifiserer til yrkesutøving og vidare studium
  • Gi relevant informasjon og rettleiing om grad og program, fagkombinasjonar, yrkesvegar og vidare studietilbod
  • Gi eit vitnemål, inkludert eit internasjonalt vitnemålstillegg "Diploma Supplement", når du har gjennomført og greidd krava til graden din
  • Leggje til rette for delstudium i utlandet som ein integrert del av graden
  • Opplyse om permisjons- og fråversordningar

Universitetet forventar at du som student:

  • Rettar deg etter lover og forskrifter som gjeld
  • Stadfestar utdanningsplanen del II  kvart semester og fullfører semesterregistreringa
  • Søkjer om permisjon dersom du skal ha eit opphald i studiet
  • Tar kontakt med studierettleiar så snart som råd dersom du må gå ifrå den oppsette framdriftsplanen (utdaningsplan del II)