Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Språk i praksis

Språktandem

Har du høyrt om språktandem? To studentar - to språk - vi koplar dykk!

Main content

Kven:Alle studentar som ynskjer å praktisere eit framandspråk
Registrering:Online søknadsskjema 
Søknadsfrist:1. september 2024

Gjennom språktandem kan du få høve til å praktisere eit framandspråk med ein tandempartnar ved UiB. Tilbodet er retta mot internasjonale studentar ved UiB, UiB-studentar som planlegg å reise på utveksling, språkstudentar eller andre studentar ved UiB som treng å finpusse eit framandspråk. Kort sagt – alle som er interesserte i språk får her høve til å praktisere det.

Vi prøver å kople to studentar med ulike morsmål, slik at dei kan møtast og praktisere språk. Vi matchar med utgangspunkt i språk, men prøver også å ta omsyn til alder. Tandemparet avtaler sjølv kvar og korleis møta skal gå føre seg - gå ein tur saman eller ta ein kaffi, snakke om ei bok de har lese, fortelje om heimlandet dykkar! Vi tilrår uansett at de treff kvarandre på ein offentleg stad den fyrste gongen.

Tilbodet vert koordinert av Studieadministrativ avdeling, og i tida etter studiestart går vi gjennom registreringsskjema og prøver å finne ein tandempartnar som passar til dine språkkunnskapar. Dersom vi finn ein partnar, kontaktar vi deg på epost. Vi kan diverre ikkje garantere at vi finn ein partnar til deg - det vil avhenge av kva språk studentane registrerer seg med.