Home
Education

Human ernæring: Mat som medisin

– Eit godt kosthald kan førebygge vanlege livstilssjukdommar som for eksempel overvekt og diabetes. Og om du har blitt sjuk kan mykje gjerast ved å endre kosthaldet, i staden for å berre ta medisin.

Main content

– Human ernæring handlar om korleis maten du et påverkar helsa di.

Tekst: Brita Marie Servan

Vegard blei ferdig med ein bachelorgrad i human ernæring i vår og har no begynt på masterprogram i klinisk ernæring.

– Vi lærte først om den grunnleggande biologien og biokjemien i menneskekroppen. Etter kvart fokuserte vi meir på helse og ernæring. Blant anna lærte vi om korleis ernæringsbehovet endrar seg i løpet av livet. Kroppen vår treng ulik type kosthald i dei ulike livsfasane.

– Som ein del av læringa om ulike typar kosthald, som ­vegetarkost eller ei spesiell samansetting av næringsstoff, så prøver vi ut desse sjølve. Vi brukar denne erfaringa til å betre kunne seie noko om korleis mat og drikke påverkar kroppen.

Praksis
– Ernæring er på mange måtar ei praktisk retta utdanning. Du får bruk for mykje av det du lærer når du kjem ut i arbeidslivet. Vi er dessutan ute og har praksis både på bachelor- og masternivå. I fjor var eg på ein rehabiliteringsklinikk, mens dei fleste var utplasserte på sjukehus og sjukeheimar. No snart skal eg ha praksis på Haukeland Universitetssjukehus og møte pasientar på eiga hand. Det blir spennande, men eg får rettleiing og kjem nok til å lære veldig mykje.

Bloggar om ernæring

– Eg er særleg oppteken av førebygging. Det er så mykje rett kosthald kan gjere for at folk skal unngå livsstilsjukdommar. Elles er eg oppteken av idrett og kosthald.

Vegard skriv om ernæring, helse og trening også på fritida. Tekstane legg han ut på ein nettstad som han driv saman med nokre andre som er interesserte i same tema.

– Slik får eg bruke faget, og eg lærer mykje av å skrive for eit breitt publikum. Vi skriv om alt frå dei enkelte næringsstoffa til korleis søvn påverkar helsa.

Framtida

Etter ein bachelorgrad i human ernæring, kan du gå vidare på masterprogram i klinisk ernæring og få tittelen «klinisk ernæringsfysiolog». Det vert også tilbydd eit masterstudium i human ernæring.

– Eg veit at mange som er ferdig med ein grad i ernæring driv med rådgiving, forsking eller undervisning. Dei jobbar gjerne innanfor helsepolitikk, matindustri, på ­sjukehus og klinikkar, eller i kommunar som har oppretta frisklivssentralar der dei hjelper folk med førebygging av livsstilssjukdommar.