Home
Communication Division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet fra På Høyden

Åtvarar mot medielogikk

Medievitar Lars Nyre er kritisk til ei forventing om å formidle i massemedia. Han meiner det er all grunn til å vere på vakt mot den journalistiske logikken.

Main content

– Me forskarar veit at det er venta at me skal vere med på spelet i media, eg trur det er ein bekymring for ikkje å vere ein god arbeidstakar dersom ein ikkje vil ut i media, seier Lars Nyre, førsteamanuensis i medievitskap ved UiB.

I kjølvatnet av ”Hjernevask”debatten i vinter, oppmodar medievitar Lars Nyre andre forskarar til å halde massemedia på ei armlengds avstand. ”Problemet med journalistikken er at forskarane ikkje får bestemma kva som er viktig nok til å bli framstilt”, skriv Nyre i leiarartikkelen i det nye nummeret av Norsk Medietidsskrift, der Nyre er redaktør. Dagens Næringsliv vidareformidla dette onsdag.

– Forsking er eit saktegåande og grundig arbeid. Det er ein profesjon som er saktegåande, ein har store undersøkingar og kan spørje og grave i lang tid. Det kan ein ikkje referere i eit ein-til-ein forhold. Dagsavisene sin journalistikk er noko av den raskaste og overflatiske måten å formidle på. Korleis skal det vere interessant å seie noko komplisert på denne måten?, seier Lars Nyre til På Høyden.

Andre kanalar
Nyre meiner forskarar med fordel heller bør formidle gjennom andre kanalar , som kronikkar, føredrag, klasseromsundervisning, bloggar og sosiale medier, tidsskrift og offentlege rapportar.

– Har du ingen døme på god forskingsformidling gjennom media?

– Det finnest heilt sikkert ein drøss med gode døme. Det er naturlegvis og openbart bra om ein har eit konstruktivt samarbeid mellom pressa og forskarar. Om ein har noko banebrytande stoff som bør ut i allmenta er det kjempeviktig. Men eg meiner det er all grunn til å vere på vakt mot den journalistiske logikken, seier Nyre.

I Dagens Næringsliv torsdag går både forskingsminister Tora Aasland og rektor Sigmund Grønmo ut mot åtvaringa til Lars Nyre.

– Det er riktig at forskerne må vurdere forskjellige kanaler for formidling, men jeg mener bestemt at mediene er en svært viktig kanal for disse. Å lære seg medienes logikk er en utfordring, men den utfordringen bør forskerne ta, seier Sigmund Grønmo til Dagens Næringsliv.

Heller ikkje forskingsminister Tora Aasland synest det er ein god ide å sky media.

– Å advare mot journalister og mediene er ikke en klok strategi, men jeg kan forstå at det kommer reaksjoner fra endel forskere etter et program som ”Hjernevask”, seier Aasland i DN.

Forstår skepsis
På Høyden kontakta ei rekke forskarar som ofte er ute i media for å høyre kva dei synest om forskingsformidling. Blant dei som tok telefonen midtsommars, er Hilde Danielsen, kulturforskar ved Uni Rokkansenteret.

Ho er jamnleg ute i media med sine forskingsfunn om det moderne familielivet og endringar i intimitetsfæren. Danielsen hadde gjerne sett at ein som forskar fekk større handlingsrom til å stå fram i media, og opplever ikkje formidling som noko press. Etter sine mange møter med media har ho mange positive og nokre negative opplevingar. Sjølv om Danielsen gjerne hadde sett at ein som forskar fekk meir att for å stå fram i media, opplever ho det ikkje som noko press. Etter sine mange møter med media har ho mange positive og nokre negative opplevingar.

– Mitt utgangspunkt er at me forskarar ikkje kan melde oss ut av samfunnet. Me forskarar vil alltid ta forbehold og vere nyanserte, noko som kan passe dårleg med medialogikken. Eg kan tole å ha ein klarare bodskap i media så lenge mine kollegaer kan lese noko meir nyansert i mitt faglege arbeid. I media opplever ein ofte polarisering og kunnskapsfeil, sjølv om ein får sjekka sitat kan det verte feil i ein bildetekst. Men dersom det vert misforståingar i media, har eg mitt på det tørre likevel, så lenge funna mine er publisert i vitskaplege tidsskrift, seier Danielsen.

Ho peikar samstundes på at det finnest mange medium som er gir rom for nyanserte vinklingar, både i radio, tv og i aviser.

– Men eg veit mange har blitt meir engstelege og skeptiske etter hjernevask, og det er forståeleg, seier Hilde Danielsen.

Open kanal mot media
Ivar Utne, namneforskar og amanuensis i nordisk, vert stadig oppringt av journalistar som vil ha eit klart svar på noko som kan hende ikkje er så klart. Som Hilde Danielsen opplever han kontakten med media noko ujamn, ein møter både erfarne og uerfarne journalistar. Deriblant mange journalistar som har liten kunnskap om samfunnsforhold, historie og norsk namneskikk.

– Eg vert oppringt av journalistar, og må undersøke der og då for å gje eit svar. Journalisten har gjerne lese noko og ringer og høyrer om eg kan bekrefte eller avkrefte det. Ofte er det ting som ikkje er undersøkt og som er vanskeleg å kommentere. Til ein viss grad er det mogleg å kommentere, men då vil ein gjerne ha eit atterhald som media ikkje vil ha. Vinklinga vert ofte annleis enn dei hadde tenkt fordi eg ikkje kan svare klart, men i staden kjem eg med eit anna vinkling som dei synest er minst like god. Det vil altså seie å møte dei litt offensivt på ein konstruktiv måte. Slik kjem det ut det eg hadde å fortelle den dagen.

Ivar Utne tar sjeldan kontakt med media sjølv, men vert stadig oppringt. Og denne opne kanalen mot pressa synest han er viktig. Etter eit avisoppslag får han alltid tilbakemeldingar frå folk som har spørsmål eller ei historie å fortelje. Desse tilbakemeldingane frå folk er gull verd for han.
 
– Eg synest det er eit viktig poeng å kunne kommunisere noko. Viss ein seier nei, kan kommunikasjonen med media stoppe opp. Og for meg er pressa ein reiskap for informasjon. Det er ein fordel å gje frå seg noko, for så å få respons tilbake. Det er klart ein er underlagt ein medielogikk der media vil ha raskt svar, men ein må balansere mellom dette og det at det er viktig å kommunisere. Eg ser det også som ei form for folkeopplysning, slik opplever eg også at dei fleste forskarar ser det, seier Ivar Utne.


Innsikt i samfunnsdebatt

Heller ikkje professor i historie Jørgen Christian Meyer kjenner eit press om å formidle gjennom massemedia.

– Jeg selv har et ønske om ikke bare at gøre opmærksom på resultaterne af min forskning, men også at bruge min forskning og indsigt i samfundsdebatten. Det er en af årsagerne til at vi har humanistiske fag, som jeg selv tilhører som historiker, skriv Meyer i ein e-post til På Høyden.

Kva meiner du om Lars Nyre si oppmoding om å halde media på avstand ?
– Den stiller jeg mig helt uforstående over for, specielt at der skulle være en modsætning mellem pressens naturlige krav til forenkling af ting og så den forskning vi driver med. Evnen til at skære igennem en masse detaljer og forbehold er også en naturlig del af forskning og undervisning. Spidsformuleringer er således en vigtig del af den interne forskningsdebat, og er med til at bringe ny indsigt.

Korleis opplever du kontakten med journalistar og presse?
– Jeg har stor respekt journalisternes håndværk og har også stor forståelse for de krav der stilles til nyhedsformidling i den almindelige seriøse presse i form af en vis forenkling og spidsformulering. Ved formidling er man nødt til at medtænke dette i det man ønsker at formidle, således at det primært bliver på forskerens præmisser dette sker. Jeg har slet ikke oplevet at journalister har modsat sig dette. Et godt samarbejde mellem presse og forskning må hvile på gensidig respekt og forståelse for hinandens ekspertise og håndværk. Første skridt på vejen mod at opnå dette er efter min mening at gøre Formidlingsafdelingens fremragende kursus i kontakt med medier obligatorisk for alle forskere!

Nyhet hentet fra På Høyden