Home
Communication Division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet fra På Høyden

Samarbeid med suksess

Som den første av fem, reiser Jean Désiré Banga Amvene no heim til Kamerun med doktorgrad i bagasjen. Der ventar to jobbtilbod.

Main content

I 2004 kom Jean Désiré Banga Amvene til Bergen for å ta ein master i fransk ved Institutt for framandspråk. Seks år og ein doktorgrad seinare set han framleis pris på dei små tinga som gjer arbeidskvardagen ved Universitetet i Bergen lettare enn ved Universitetet i Yaoundé i Kamerun. Det å ha kontorplass og kontorutstyr, det å ha uavgrensa tilgang til kunnskap gjennom biblioteket, internett og bokhandlar.

– Som PhD-student i Kamerun har du ikkje slike arbeidsforhold, seier han.

 Under eit nytt imperium

Dei første åra ved Universitetet i Bergen opna også auga hans for eit felt som ikkje har vorte brukt i studiet av afrikansk litteratur. Polyfoni og dialogisme er ei retning som opphaveleg stammar frå russiske Bakhtin, vart nytta i Frankrike og som har blitt vidareutvikla av skandinaviske litteratur- og språkvitarar. Gjennom ein analyse av fire romanar førte i pennen av afrikanske fransktalande forfattarar har han sett at den afrikanske litteraturen framleis er sterkt prega av dei gamle kolonimaktene sitt syn på Afrika som eit kontinent prega av usivilisert vald og begjær.

 – Omgrepet imperium vert gjerne sett som noko som høyrer fortida til, men i dag er det snakk om eit nytt og desentralisert imperium, eit imperium som vaks fram etter den andre verdskrigen og ein diskurs som framleis ser Afrika som eit umodent barn, seier han.

Det er denne diskursen som kjem til uttrykk hjå dei afrikanske forfattarane ifølge Banga Amvene.

Rett til jobb

Produksjonen av franskspråkleg litteratur skriven av afrikanske forfattar er svært omfattande, og Jean Désiré Banga Amvene skal framover forske vidare på diskursen mange av desse forfattarane er prega av, men denne gongen i Kamerun. Han har knapt rukke å summe seg etter prøveforelesninga og disputasen førre veke, men flybilletten er allereie bestilt og heime ventar jobbtilbod både frå universitetet i Yaoundé og Maroua.

Det var ikkje aktuelt for han å bli i Bergen. Han har familie i Kamerun og tykkjer dessutan at han har ei plikt til å reise heim for å jobbe der.

– Det er viktig for meg å få dele den kunnskapen og ekspertisen eg har tileigna meg her i Bergen, seier han.

– Fagleg og sosial berikelse

Etter jul kan Universitetet i Yaoundé få heim meir ekspertise frå Universitetet i Bergen. Jean Desiré Banga Amvene er den første av fem kvotestudentar frå Kamerun som Institutt for framandspråk har teke imot gjennom eit bilateralt samarbeid med universitetet i Yaoundé. Samarbeidet tok til i 2004, då han som den første av desse fem studentane kom til Universitetet i Bergen som masterstudent. Alle fem har no gått vidare til PhD-graden, og til jul skal etter planen ytterlegare to av dei disputere. Det faglege samarbeidet mellom UiB og universitetet i Yaoundé dreier seg særleg om didaktikk for framandspråk, og ifølge Helge Vidar Holm, professor ved Institutt for framandspråk, har dei fem kamerunesarane vore ein berikelse både fagleg og sosialt. Med fransktalande PhD-studentar som midtpunkt ved instituttet har både studentar og tilsette fått øvd seg på å bruke fransk i kvardagen og i faglege diskusjonar.

– Det er ikkje snakk om nokon einsidig hjelp til partnerar i sør. Vi får svært mykje att for samarbeidet, seier han.

Vidareutviklar samarbeid

Det vert no jobba med å vidareutvikle det bilaterale samarbeidet. Håpet er å få på plass eit samarbeid med universitetet i Maroua nord i Kamerun, og førsteamanuensis Turid Trebbi er for tida i Maroua for å få ein avtale på beina. Partane arbeider også med å etablere ein forskarskule ved universitetet i Yaoundé, tilsvarande den dei kamerunske PhD-studentane deltek på ved UiB.

Ifølge Helge Vidar Holm har franskseksjonen ved instituttet fått ta imot fleire kvotestudentar enn det ein normalt sett kan forvente. Han trur at det skuldast dei gode resultata, og han har håp om å få på plass nok ein PhD-student frå Kamerun neste år. Norske fagmiljø har også merka seg suksessen. I fjor haust meldte Institutt for moderne framandspråk ved NTNU si interesse for å vere med i samarbeidet og i august tek dei imot sin første PhD-student frå Université de Yanoundé.

– Dermed har vi også oppnådd ei styrking av samarbeidet mellom fagmiljøa ved NTNU og Universitetet i Bergen, seier han.

Artikkelen er hentet fra UiBs internavis På Høyden.