Home
Communication Division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet fra På Høyden

Lærer av lærarutveksling

Talet på lærarutvekslingar har vorte halvert dei siste åra, men somme går mot straumen. Professor Stuart Sillars er ein av dei.

Main content

I løpet av studieåret 2007-2008 nytta berre sju vitskapleg tilsette ved Universitetet i Bergen seg av høvet til å dra på Erasmus-utveksling. Samstundes med at talet på utvekslingar har gått ned, har krava for å delta vorte seinka. I dag er kravet for lærarutveksling fem timar med undervisning i løpet av utvekslingsopphaldet, mot tidlegare åtte timar.

Stuart Sillars, professor ved Institutt for framandspråk, har vore på mange lærarutvekslingsopphald sidan han vart tilsett ved UiB for ti år sidan. Han meiner at det er mykje å tene på ordninga.

– For meg har utvekslingsopphalda vore verdifulle. Det største utbyttet kjem i form av innspel og idear til eige arbeid og innan fagfeltet generelt. Sjølv jobbar eg ved eit relativt lite institutt, og vi er få innan det same fagfeltet. Dermed er det svært nyttig å reise ut og treffe kollegaer og studentar med dei same forskingsinteressene. Ein får prøvd ut ideane sine før ein trykker dei i skriftleg form, seier han.

– Utvidar perspektivet

Under lærarutvekslingsopphalda har Sillars både halde førelesingar og delteke i seminar med kollegaer og studentar. Han meiner at godt fungerande utvekslingsavtaler kan vere med på å gjere UiB meir synleg internasjonalt, og at utvekslingsopphald også er av svært stor verdi for studentar.  

– Studentane får eit vidare perspektiv. Dette er spesielt viktig på graduate level, når du utviklar ideane dine, seier han.

Sjølv kjem Stuart Sillars frå Storbritannia, og han trur at eit allereie godt etablert nettverk av kontaktar i Europa kan ha gjort det lettare for han å gripe høvet til å reise på utveksling. Men han kan ikkje sjå gode grunnar til at ikkje fleire skal nytte seg av utvekslingsavtalane.

– Det er klart at det finst andre måtar å finansiere forskingsopphald på, men det som set Erasmus i ei særstilling er utvekslingskomponenten. Utanlandske kollegaer har med seg viktig kunnskap og nye tankar som våre studentar elles kunne ha gått glipp av, seier han.

Til trass for at lærarutvekslinga går trått for tida, trur Sillars at det vil bli meir vanleg i åra framover.

– Karriera vert meir og meir internasjonalt retta for akademikarar. I dag deltek til dømes studentar i langt større grad på internasjonale konferansar enn tidlegare, seier han.

Betaler tilbake midlar

Universitetet i Bergen har Erasmus-avtaler med ei lang rekke partneruniversitet i Europa. Når det gjeld valet av reisestad, er det naturleg å sjå på kvar det allereie finst avtale om lærarutveksling eller utvekslingsavtaler for studentar. Om det ikkje allereie er etablert ein slik avtale, kan det ofte ordnast likevel.

– Dersom ein vitskapleg tilsett har gode kontaktar ved andre universitet, kan ein raskt få i stand ein lærarutvekslingsavtale. Dette er ein ubyråkratisk og enkel prosess, seier Helge Bjørlo, seniorkonsulent ved Utdanningsavdelinga.

Kvart år betaler UiB tilbake ubrukte Erasmus-midlar. For 2007/2008 utgjer summen 5617 euro, i underkant av 50 000 kroner, når det gjeld lærarmobilitet. Ønskjet frå Utdanningsavdelinga er at langt fleire av dei vitskapleg tilsette skal nytte seg av moglegheiten til å reise på eit utvekslingsopphald.

– Lærarutvekslinga er ein del av det store biletet som gjer UiB meir internasjonalt, seier han.

Har prioritert studentar

Bjørlo trur at ei av årsakene til at stadig færre dreg på lærarutveksling er sjølve organiseringa av Erasmus-samarbeidet. Tidlegare var samarbeidet organisert gjennom nettverk der vitskapleg tilsette sjølve deltok. Dei seinare åra har utvekslinga blant studentar og tilsette blitt meir administrativ og sentralisert.

– Ei anna årsak kan nok vere at vi har konsentrert mykje av utvekslingsarbeidet kring studentane. Vi har ikkje drive god nok PR for ordningane for dei tilsette og manglar ein god database over partneruniversitet vi har lærarutvekslingsavtaler med, seier han.

No håper han at lærarutvekslinga skal ta seg opp.

– Det er eit typisk trekk for landet som heilskap at det er lite aktivitet på universiteta. Høgskulane nyttar seg i langt større grad av tilbodet og kan ha opptil 40-50 utvekslingar i løpet av eit år, seier han.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.