Home
Communication Division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheit

Rokkansenteret inn i varmen

Etter tolv års kamp får UNI Rokkansenteret statlege basisløyvingar frå 2011. På fredag vart det feira på senteret.

Main content

- Dette er ei sak me har kjempa for i mange, mange år, seier ein glad Jan Erik Askildsen, forskingsdirektør ved UNI Rokkansenteret til uib.no.

Frå 2011 skal UNI Rokkansenteret innlemmast i ordninga med statleg basisløyving. Det  er innstillinga frå kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen (KUF) sitt møte torsdag.  Fleirtalet i komitéen ber regjeringa om å disponera 5 millionar til å finansiera basisløyvingar til dei samfunnsvitenskapelige institutta Uni Rokkansenteret, NTNU Samfunnsforskning og Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning.

- Overraskande

- Dette var ikkje med i det opprinneleg budsjettet, så eg vart overraska. Men me har venta på dette lenge. Det er gledeleg å sjå at fleirtalet av partia no gjer ei endring som tek oss inn i varmen, seier Askildsen.

Forskingsdirektøren er overtydd om at Rokkansenteret vil nyta godt av den nye statusen.

- No får me eit grunnlag for å driva endå kompetanseutvikling. Me kan bruka ressursar på å laga gode prosjektsøknader og konkurrera om dei store forskingsprosjekta.

- Styrkar samfunnsforskinga

Universitetsdirektør og tidlegare forskingsdirektør ved Rokkansenteret, Kari Tove Elvbakken, er også glad for at senteret vert teken med i det gode lag.

- Når Stortinget vedtek dette er det ei svært viktig prinsippsak som kjem på plass. Rokkansenteret vert eit forskingsinstitutt innanfor den statlege sektoren med betre høve til å konkurrera, styrka forskinga og auka kompetansen. Dette har vore eit stort arbeid for Rokkansenteret, seier ho til uib.no.

Det er også ei viktig sak for Universitetet i Bergen, meiner Elvbakken.

- Me får eit forskingsinstitutt som kan verta meir robust. At forskinga i Bergen vert styrka er ei anerkjenning av Bergen som forskingsby. Dette er eit viktig steg på vegen for å skapa eit endå betre grunnlag for forsking og samarbeid i byen. I tillegg er det svært positivt at grunnlaget for å driva samfunnsforsking vert styrka, seier ho.

Lang kamp

Det var Elvbakken som sende det første brevet om grunnfinansiering i november 1998. Då var ho forskingsdirektør i SEFOS, som seinare fekk namnet UNI Rokkansenteret. Etter 12 år er målet nådd.

- Det har vore mange ulike fasar i denne prosessen. For nokre år sidan bestemte Forskingsrådet at Rokkansenteret var verdige å få basisløyvingar, men ein måtte avventa ekstraløyvingar. No er det nett det KUF-komitéen har innstilt på, seier ho.

Jan Erik Askildsen tykkjer det har vore ei lang og frustrerande ventetid.

-  Det er ikkje tvil om at fleire har opplevd dette som urettvist. Me har måtta konkurrera på andre vilkår enn andre forskingsinstitutt. På Rokkansenteret har folk ei enorm ståpåvilje, me har mobilisert kreftene, brukt ressursane våre og konkurrert godt. Frustrasjonen har aldri gjeve negative utslag for oss, avsluttar Askildsen.