Home
Communication Division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheit frå På Høyden

Kampen om Finnmark

Finnmark kan dei neste åra bli ein arena for kampen mellom tradisjonell, samisk kultur og dei som vil utnytte naturressursane.

Main content

– Finnmark kan ikkje sjåast som berre periferi. Her er det enorme naturressursar, og energipolitikk vert det store spørsmålet framover. Dette vert ein viktig test for den nasjonale politikken på feltet.

Det seier professor Per Selle ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han er ein av tre redaktørar bak den nye boka ”Nordområdepolitikken sett fra nord”.

Med over 48 000 km2 tynt befolka og for det meste uberørt område er Finnmark eit eldorado for mellom anna kraftutbyggjarar og aktørar innan gruvedrift. Spørsmålet om utnyttinga av ressursane i landets nordlegaste fylke er ein sentral del av nordområdeutfordringane, ifølge Selle. Han peikar på at det er ei anna spenning i Finnmark enn i andre delar av landet. Det samiske perspektivet gjev debattane om naturressursane ein anna dimensjon.

Samisk kultur under press

Sametinget vart oppretta i 1989. I løpet av dei drøye 20 åra som har gått sidan den gong, har Sametinget befesta sin posisjon blant både samar og nordmenn.

– Sametinget kan kome til å spele ei rolle som både er produktiv og bremsande i spørsmålet om energipolitikken i nordområda. Det at Sametinget kan bremse utviklinga vil den norske staten vere tent med på lang sikt, seier Selle.

For samane i Finnmark er utbyggjingsspørsmålet eit spørsmål om kor mykje den samiske kulturen toler, ifølge Selle. Den samiske kulturen er sterkt knytta til næring, i så sterk grad at næringsinteressene i seg sjølve kan bremse for utbyggjing. Han trur at ei moderniseringsbølgje vil truge det som vert sett på som tradisjonelt samisk. Samstundes understrekar han at det er eit sterkt behov for arbeidsplassar i det nordlegaste fylket.

– Kraftutbyggjing er eit kontroversielt spørsmål. For mange av innbyggjarane vert spørsmålet om naturvern mindre viktig når det er snakk om moglegheiter for fleire arbeidsplassar, seier Selle.

Lokalt eigarskap

Finnmarkslova som tredte i kraft frå 1. juni 2006 førte eigarskapet til landarealet i Finnmark over frå statlege til regionale hender og sikra lokal forvaltning av eit heilt fylke. Selle meiner at denne omfattande forvaltningsreforma har fått sensasjonelt lite merksemd.

– Det seier mykje om norsk politikk og norske medier at Finnmarkseigedomen knapt vart omtalt, seier han.

Rettane til fiske i fjord er steg to i arbeidet med tilhøvet mellom nasjonal og lokal bruksrett og eigarskap. I Finnmark botnar diskusjonen om desse rettane i spørsmålet om lokal og/eller etnisk tilhøyrigheit, ifølge Selle. Han peikar på at det ikkje er tilsvarande diskusjonar lenger sør i landet. Årsaka er at det etniske perspektivet manglar, meiner han. 

– Fjordane i nord er sentrale fiskeriområde for Noreg. Dersom staten går med på å bytte ut den kvoteordninga vi har i dag til fordel for ei ordning med rettar som botnar i etnisk tilhøyrigheit, vil det vere ei stor endring i norsk fiskeripolitikk. Både blant samane og andre i nord er det ei allmenn erkjenning av at dette er vegen å gå, seier Selle.

Selle peikar på at det har skjedd mykje i lovarbeidet sidan 2000 og at bevisstheita kring samisk kultur og rettar har vore sterkt aukande.

Politisk integrerte og sjølvbevisste

Dei samiske rettane og økonomiske overføringar til samane er på eit heilt anna nivå i Noreg enn i Sverige, Finland og Russland, ifølge Selle. Sametinget i Noreg er den sentrale institusjonen for den nye samiske bevisstheita og spelar ei mykje viktigare rolle enn tilsvarande institusjonar i nabolanda. Den samiske høgskulen i Kautokeino står i ei særstilling og rekrutterer studentar både frå Sverige, Finland og Russland, og NRK Sámi Radio har ein stor lyttarskare i nabolanda.

Ei undersøkjing av Per Selle og Kristin Strømsnes styrkar biletet av den samiske befolkninga i Noreg som både politisk sjølvbevisste og godt integrerte i det norske samfunnet.

– Den samiske befolkninga har like stor tillit til politiske institusjonar som befolkninga elles. Dei har også like stor kjennskap til det politiske systemet og tru på at dei kan vere med på å påverke avgjersler, seier Selle.

Å opererere med eit marginaliseringsperspektiv er skivebom, ifølge Selle. Samane er tungt integrerte i det norske politiske systemet, og det bør myndigheitene ha for auge når dei legg strategiar for nordområda meiner han.

– Det er ikkje alltid så lett å seie kva som skil det norske og det samiske frå kvarandre. Sjølv om til dømes kommuneinstitusjonen som institusjon er norsk, så er mykje av det den er fylt med i desse områda sterkt prega av det samiske. Det at samane er så sterkt mobiliserte og godt integrerte vil spele ei viktig rolle i den nye energi- og industripolitiske situasjonen som den nye nordområdepolitikken og nordområdeorienteringa fører med seg, seier Selle.

Artikkelen er henta frå UiB si nettavis På Høyden.

 

Fakta/ Finnmark

  • I 2006 tredte Finnmarkslova i kraft. Den flytta eigarskapet over landarealet i Finnmark frå Statskog og over på finnmarkingane sine hender. Jorda i Finnmark er i dag forvalta av Finnmarkseigedomen, eit selskap der tre av styrerepresentantene er utnemnde av Sametinget og tre er utnemnde av Fylkestinget.
  • Samane er ei minoritetsgruppe i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Den største gruppa av samar bur i Noreg, om lag 40 000. Dei samiske kjerneområda ligg i Finnmark og Nord-Troms.
  • Sametinget vart etablert i 1989. Her er både samiske parti og norske parti representerte.
  • Dataene i spørjeundersøkjinga er henta frå Makt- og demokratiutgreiinga i 2001 og frå ei oppfølgingsstudie utført av Semb frå Universitetet i Oslo i 2007.
  • I den nye boka ”Nordområdepolitikken sett fra nord” (Elisabeth Angell, Sveinung Eikeland og Per Selle (red.)) vert nordområdepolitikken og utviklinga i nord drøfta. Her er det også framlegg til korleis den kan utformast vidare.