Kunnskapsministeren kjem til UiB
Senter for geobiologi har tidlegare presentert forsking som har vakt oppsikt verda over. Fredag får Torbjørn Røe Isaksen høyra siste nytt frå djuphavsforskinga ved UiB.

Main content
– Eg ser fram til ein god dialog med fagmiljøet på Senter for geobiologi, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Røe Isaksen undertrekar at han gjerne skulle ha besøkt fleire forskingsmiljø, men denne gongen er det berre tid til eitt besøk.
Når Røe Isaksen vitjar UiB på fredag vil han også få høyra meir om forskinga ved UiB frå leiinga ved universitetet.
I forrige veke la regjeringa fram sine sju punkt for høgare utdanning og forsking. Eit av punkta er ein ambisjon om å utvikla fleire verdsleiande forskingsmiljø. Når Røe Isaksen kjem på besøk til Senter for geobiologi (CGB) møter han eit forskingsmiljø som allereie er verdsleiande på sitt felt.
Forsking i ekstreme miljø
Senteret, som har status som Senter for framifrå forsking (SFF), set seg mål om å utvikle ny fundamental kunnskap om interaksjon mellom geosfæren og biosfæren og livets opphav.
– Vi studerer liv i ekstreme miljø. Vi ser til dømes på vulkanar og mikrobiologi, og reaksjonar mellom bergartar og vatn. I djuphavet er alt kopla tett saman, endringar skjer hurtig og intenst. Vi studerer dette for å utvikla faget, sprenga nye grenser.
Slik skildra senterleiar Rolf Birger Pedersen CGB si forsking ovafor uib.no i 2011.
Sommaren 2013 oppdaga forskarar frå senteret fem nye varmekjelder 2400 meter under havet mellom Svalbard og Jan Mayen. Forskingsresultata frå det såkalla Lokeslottet vakte oppsikt verda over.
Vil gå djupare
No skal Pedersen leggja fram nye og spanande resultat for kunnskapsministeren. Ved hjelp av ny teknologi ynskjer senteret å gå endå djupare ned i havet og forskinga. Ein planlegg også eit nytt senter for djuphavsforsking.
– Eg ser fram til å diskutera framtida med kunnskapsministeren, seier Rolf Birger Pedersen.