Home
Department of Biological Sciences (BIO)

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Molekylærbiologisk dag for elevar i vidaregåande skule

14. mars inviterte vi 70 elevar og lærarar frå vidaregåande skule inn på instituttet og laboratoria.

Photo:
Wenche Telle

Main content

På tredje året arrangerte MBI «Molekylærbiologisk dag» for elevar i vidaregåande skule, og no kan vi kalle dette ei fast, årleg hending. I år fekk vi besøk frå Skeisvang, Sauda, Sogndal, Bjørknes, Sonans, Laksevåg, Måløy og Fyllingsdalen. Etter alt å døme hadde elevane ei kjekk oppleving, med både laboratoriedemonstrasjonar og –øvingar og føredrag. Så godt som alle tilsette og ein god del studentar vart satt i sving, og mykje tyder på at dei koste seg om lag like mye som gjestane.

Vi gler oss allereie til neste års Molekylærbiologisk dag. Om du eller skulen din er interessert i å besøke oss, vert det påmelding via Skolelab.no, og påmeldinga opnar rundt midten av desember. Viss du vil sjå kva elevane fekk sjå, høyra og prøve seg på i år, finn du programmet her.