Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Mekanismar i "søppel-DNA" aukar arveleg sjukdomsrisiko

Eit nytt prinsipp gjer det mogeleg for forskarar å finne sjukdomsmekanismar i DNA som aukar risikoen for type 2 diabetes.

Main content

I ein artikkel i Aftenposten Viten fortel Simon Dankel, postdoktor ved Klinisk institutt 2 (K2), at ein har oppdaga nye mekanismar i ukjende delar av DNA som fører til arveleg risiko for type 2 diabetes.

Dankel har, saman med professor Gunnar Mellgren (K2),  teke del i ei internasjonal studie. I studien har ein brukt eit nytt prinsipp og ein algoritme som gjer det mogeleg å leite etter sjukdomsmekanismar i såkalla "søppel-DNA". Dette er dei delane av DNA som ikkje gjev opphav til nye protein i cellene, og til no har det vore lite forsking på dette området.

Det norske bidraget til studien var finansiert av K.G. Jebsen senter for diabetesforsking ved UiB, Haukeland Universitetssjukehus og Samarbeidsorganet i Helse Vest. 

Artikkelen som nyleg blei publisert i tidsskriftet Cell kan du lese her.