Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Gode skussmål for arbeidet med studiekvalitet

Kvalitetssikringa av forskarutdanninga og integrert masterprogram i farmasi er god, slår ein ny rapport frå NOKUT fast.

Main content

Ein sakkunnig komité frå Nasjonalt organ for kvalitetssikring i utdanningen (NOKUT) vitja Universitetet i Bergen (UiB) somaren og hausten 2013 for å evaluere system for kvalitetssikring av utdanningsverkssemda ved institusjonen. Rapporten er ei innstilling som skal leggast fram for styret i NOKUT i februar 2014, og den rår til at UiB sit kvalitetssikringssystem blir godkjend.

Under vitjinga såg komitéen på kvalitetssikringssystema i bruk. Kvalitetsarbeidet knytt til forskarutdanning og integrert mastergradsprogram i farmasi hadde ein meir inngåande gjennomgang. Rapporten slår vidare fast at UiB gjer eit monaleg kvalitetsarbeid også på område som ikkje formelt er omfatta av systemet.

Rapporten kjem også med fleire konkrete råd om vidare utvikling av kvalitetssystema som vil UiB arbeide vidare med.

Her kan du lese heile artikkelen på UiB Aktuelt.

Rapporten frå NOKUT finn du her.