Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

TVEPS fekk UiB sin Studiekvalitetspris

Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetenesta heidra for særleg vellukka tiltak for studiekvalitet i form av tverrfagleg samarbeid og tverrprofesjonell læring.

Main content

Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetenesta (TVEPS) fekk i dag Ugleprisen på UiB sitt årlege studiekvalitetsseminar. Prisen på 100.000 kroner er ein pris for utdanningskvalitet som blir delt ut av Utdanningsutvalet ved UiB. Som vinnar av prisen, blir TVEPS nominert vidare til Kunnskapsdepartementet sin nasjonale Utdanningskvalitetspris.

 

Fokus på det tverrfaglege og tverrprofesjonell læring

TVEPS er eit samarbeidsprosjekt mellom Det medisinsk-odontologiske fakultet, Det psykologiske fakultet og Griegakademiet ved UiB, Høgskolen i Bergen ved Avdeling for helse- og sosialfag, samt Bergen og Fjell kommune. Senteret er koordinert ved Institutt for global helse (IGS) og har som mål å gje studentar røynsle med tverrfagleg samarbeid i ein realistisk arbeidssituasjon. Grunngjevinga for tildelinga er TVEPS sitt fokus på det tverrfaglege og tverrprofesjonell læring, samt at ei rekke aktørar er involvert i arbeidet, også aktørar utanfor UiB.

TVEPS arbeider for å auke kvaliteten på læringsutbyttet og den kompetansen som studentane tek med seg inn i kommunehelsetenesta. Senteret si eiga forskingsgruppe ser på både pedagogisk metode og læringsprosessar, basert på evalueringar frå både studentar, praksisstader og pasientar. Senteret involverer ei rekke fagmiljø og studieprogram, og har stor overføringsverdi mellom dei ulike studieprogramma. Pedagogikken som blir nytta har også stor overføringsverdi til andre studieprogram og institusjonar.

 

Reelle arbeidssituasjonar og profesjonalisme

TVEPS blei etablert som eit pilotprosjekt våren 2011 med bakgrunn i mangelen på tverrfagleg trening i dei fleste helseprofesjonsutdanningane ved Universitetet i Bergen. Pilotprosjektet var vellukka, og sidan den gong har meir enn 100 studentar frå Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen vore i tverrfagleg praksis gjennom TVEPS. Senteret arbeider kontinuerlig med å auke kvaliteten på læringsutbyttet og den kompetansen studentane tek med seg inn i kommunehelsetenesta.

I praksisperioden får studentane trening i teamarbeid og profesjonalisme, samstundes som dei får røynsle frå ein reell arbeidssituasjon. I tillegg til at dette har god verdi for studentane, gir tyder dei andre partane i prosjektet tilbakemeldingar som tyder på praksisstadene og pasientane også får nyttig lærdom.  

Sidan senteret starta opp har studentar frå fag innan farmasi, medisin, odontologi, tannpleie, musikkterapi, ernæring, manuellterapi, ergoterapi, psykologi, fysioterapi, vernepleie og jordmorutdanning deltatt i prosjektet. TVEPS tek og i mot andre studentar som kan ha nytte og utbytte av å delta i denne typen praksislæring.

 

På heimesida til TVEPS kan du lese meir om senteret: https://www.uib.no/tveps

Meir om Ugleprisen: https://www.uib.no/studiekvalitet/kvalitetsutvikling/studiekvalitetsprisar/ugleprisen