Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
News

Det andre CCBIO-symposiet ein suksess

Ikkje berre var vérgudane i glitrande humør, men fagfolk frå inn- og utland gjorde samlinga til eit engasjert og framtidsretta treff.

CCBIO-storgruppe på Solstrand
Spanande fagleg innhald og engasjerte deltakarar gjorde CCBIO-symposiet til ein suksess.
Photo:
Jørgen Barth

Main content

Over 160 personar var samla på todagarssamlinga på Solstrand. Framtida si skreddarsydde kreftbehandling sto sentralt.

CCBIO-leiar Lars Akslen er svært nøgd med symposiet.

–Dette møtet vart svært vellukka, seier han. –Det vart sett fokus på biomarkørar og kreftsvulstane sine mikromiljø, og våre lokale, nasjonale og internasjonale foredragshaldarar gjorde ein strålande innsats. Slike samlingar er viktige for å knyte nye kontaktar over landegrensene, for framtidig samarbeid og kunnskapsutveksling. Vi ser allereie fram til neste års CCBIO symposium 19. og 20. mai 2015. Kryss av datoen, avsluttar Akslen med eit smil.