Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ny bokserie: Bergen Language and Linguistic Studies (BeLLS)

Ein ny open nettbasert publiseringskanal for språk og språkvitskap har sett dagens lys. Det første bandet i den elektroniske bokserien Bergen Language and Linguistic Studies (BeLLS) er no tilgjengeleg. Tittelen på boka er Seven Mountains; Seven Voices, og boka er redigert av Lidun Hareide og Edit Bugge.

Omslag til BeLLS første bok
Omslag til BeLLS første bok

Main content

Bergen Languages and Linguistics Studies (BeLLS, bells.uib.no.) er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen, Norges Handelshøgskule og Høgskulen i Bergen. Hovudredaktørar for serien er professorane Christer Johansson (LLE) og Leiv Egil Breivik (IF). Denne publiseringskanalen er eit pionerverk i HF-samanheng. Det var to stipendiatar ved IF (Lidun Hareide og Gard Buen Jensset) som tok inititativet til og som gjorde grunnarbeidet for publiseringskanalen, i samarbeid med Bergen Open Access Publishing ved Universitetsbiblioteket. Dei to redaktørane av første bandet (Lidun Hareide og Edit Bugge) er òg stipendiatar. Jensset, Hareide og Bugge har òg sett saman eit "editorial team" som inneheld ei rekkje internasjonale ekspertar innanfor språkvitskap. Bidragsytarane til første bandet er alle kvinnelege doktorgradsstudentar som deltok på Den tredje skandinaviske PhD-konferansen i språkvitskap og filologi i Bergen i 2009.

BeLLS vol. 1: Seven Mountains; Seven Voices