Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ny bok

Ny bok gjer livet lettare for arabiskstudentar

Takka vere ei ny lærebok i arabisk kan studentar lese autentiske arabiske tekstar tidleg i studiet.

Bilde av Pernille Myrvold og John Erik Sætren
Personifisering av treet er eit av dei gjennomgåande trekka i Tamirs forfattarskap, så også i «Randa». Her er forfattarane av læreboka, John Erik Sætren og Pernille Myrvold.
Photo:
Ingrid Endal

Main content

Randa – en fortelling på norsk og arabisk er den første skreddarsydde læreboka i arabisk for studentar på høgre nivå i Noreg, omsett og tilrettelagt av Pernille Myrvold og John Erik Sætren. Utgangspunktet for boka er den skjønnlitterære forteljinga «Randa», skriven av den syriske forfattaren Zakariya Tamir, ein av dei største nolevande forfattarar i den arabiske verda.

− Vi har tilrettelagt småhistoriene som utgjer langnovella «Randa» slik at studentane har alt dei treng for å kunne jobbe godt med teksten og samstundes kose seg med lesinga, fortel Myrvold.

Målet med boka er å motivere studentane til å lese arabisk kvalitetslitteratur, gje dei leselyst og ei kjensle av mestring.

Dekoding av språket

Boka er tilrettelagt på ein heilt unik måte, og byggjer på Myrvold og Sætren sine eigne erfaringar − frå eiga læring av det arabiske språket, i møte med andre studentar sine problem og gjennom det å vere lærarar.

− Arabisk skriftspråk er eit krevjande språk å lære, nybyrjarar har lite å byggje på av tidelegare språkkunnskapar, fortel dei. Ein får ikkje noko gratis.

I tillegg til at leseretninga går frå høgre til venstre er alfabetet annleis, alle orda er nye, og bokstavane si form endrar seg alt etter kor dei er plasserte i eit ord. Mange av lydane er uvante og krev øving for å meistre.

For å kunne lese ein ny arabisk tekst, treng ein som student normalt sett fleire oppslagsverk. I Randa har ein alt ein treng for å kunne lese og forstå teksten – den er «dekoda» og tilført informasjon som grammatiske teikn og vokallydar, noko som normalt ikkje er inkludert i litteratur for lesekyndige arabarar. Slik ser ein korleis orda skal uttalast, og dei grammatiske endingane indikerer til dømes kva som er subjekt og objekt. Boka bidreg på den måten til å utvikle både det munnlege og skriftlege språket.

Oppbygging av ordforrådet

− Arabisk-norske ordbøker som finst på den norske marknaden er mangelfulle og strekkjer ikkje til i undervisningsaugemed. Dei eignar seg heller ikkje når ein studerer litterære tekstar. I Randa har alle historiene ei komplett, omfattande ordliste. No slepp studentane å bruke mykje tid på å slå opp i ulike engelske eller andre ordbøker for å kome fram til ei mogleg tyding. Vi har lista opp den generelle tydinga av orda, men også synonyma som passar betre inn i teksten er teken med. Ordlista gjer leseøkta enklare og mindre tidkrevjande, fortel Sætren.

− Om ein startar med å lese glosane til ei historie får ein ei forventing til innhaldet. Det gjer det lettare å lese sjølve teksten og ein får ei betre forståing av det ein les. Å lage ei brukarvenleg og nyttig ordliste har vore ein stor jobb og ein svært viktig målsetjing med læreboka, legg Myrvold til.

Den tilrettelagde arabiske teksten er også omsett til norsk og plassert parallelt med den arabiske. Dei parallelle tekstane presenterer korleis dei ulike språka kjem til uttrykk, og ein får synleggjort orda si meining når dei går inn i ein større samanheng.

− Sjølve forteljinga er ikkje oversett til vestleg språk tidlegare, noko som gjorde omsetjingsarbeidet ekstra spanande, synest Sætren.

Ei fabelaktig forteljing

Forfattaren av «Randa», Zakariya Tamir, vart født i Damaskus og vaks opp i ein fattig familie. Gjennom litteraturen rettar han ofte merksemd mot maktmisbruk innan politikk, religion og familieliv.

− Fordelen med autentisk litteratur i språkopplæringa, i motsetnad til didaktiske læretekstar, er at den ber med seg kunnskap om tilhøve i samfunnet og om kulturelle og språklege særeigenheiter. Studentane vert også eksponert for språket slik det vert praktisert, med naturleg flyt, rytme, bindeord og teiknsetjing, seier Myrvold.

«Randa» er sett saman av fleire korte historier, og er ei forteljing om ei ung jentes fantastiske univers og hennar undrande vilje til å forstå korleis verda er sett saman. Kort-korte historier fletta saman til eit større heile er et særtrekk ved Tamirs litterære produksjon.

− Forteljingane i «Randa» er som mininoveller som står fint på eigne bein, men om ein les dei som heilheit får dei ei større tyding. Forteljingane er enkle på overflata, noko som gjer dei perfekte å anvende i språkopplæring, men djupe når dei vert sett i samanheng med dei andre forteljingane, dei er underfundige og har mange lag.

Mange bruksområde

Boka møter eit behov dei sjølv har opplevd som lærarar, og både Myrvold og Sætren ser fram til å nytte den aktivt i eiga undervising. I tillegg håpar dei studentane nyttar boka på eiga hand, utanfor undervisninga.

− Boka blei brukt som pensum for første gong inneverande semester og responsen frå studentane har vore upåklageleg, påpeikar Sætren svært nøgd, og ser også ulike bruksområde for boka utanfor universitetet.

Elevar med arabisk som morsmål vil kunne ha god nytte av Randa i norskopplæringa, og ikkje minst for lærarar i norsk som andrespråk vil den vere ein ressurs. Den har også mykje å tilby innan arabisk morsmålsopplæring i ein norsk kontekst.

− Dei korte historiene gjer boka ideell for små dialogar og dramatiseringar, og den opnar opp for både språklege og tverrfaglege aktivitetar i undervisinga.

Boka eignar seg både for nybyrjarar og vidarekomne, då ein plukkar opp ulike ting på ulike nivå. Nokre historier er som skapt for dei minste, andre krev ein vaksen lesar.

− Zakariya Tamir er ein fantastisk forfattar og fortener eit større publikum. Det er første gongen han er omsett til norsk i ei eiga bok, og med denne boka håpar vi at fleire vil få auga opp for han, seier Sætren.

Dei som har studert arabisk tidlegare og slit med å vedlikehalde språket, har med denne boka fått ei glimrande anledning til å friske det opp att.

− Både formatet og innhaldet gjer at ho passar godt i feriekufferten, og det utan å måtte slepe med seg ein hær av ordboker og andre oppslagsverk, smiler Myrvold.